Kommunen var i dag på synfaring i Årsetdalen i Ørsta.
Foto: Andrine Davidsen / NRKFør helga gjekk det eit ras i dalen, og for to år sidan førte eit større ras i same området til store øydeleggingar. No har kommunen startar arbeidet for at dei som bur der skal kunne føle seg trygge.
– Vi skal inn med maskiner ganske omgåande og reinske opp i området og få ei plastring slik at dersom det kjem meir nedbør no så er vi sikra at busetnadane i området ikkje vert skadelidande, seier Aam.
Saka held fram etter videoen.
Sjå tv-saka: Folk som bur i Årsetdalen i Ørsta krev strakstiltak etter hendingane før helga. Fredag gjekk det igjen ras og området vart oversvømt, to år etter storraset som førte til at 40 måtte evakuere.
Meiner kommunen har gjort nok
Det var i november 2013 at eit jordskred gjekk i Årsetdalen. Skredet førte til at to familiar vart huslause og 40 personar vart evakuerte. Fredag skjedde det igjen, denne gongen i eit mindre omfang.
Fredag gjekk det eit nytt ras i Årsetdalen på Vartdal.
Foto: Andrine Davidsen / NRKBebuarane i Årsetdalen har tidlegare ikkje vore imponert over arbeidet som har blitt gjort i ettertid.
Ørstaordførar Stein Aam meiner kommunen har gjort det dei kan gjere for å imøtekome kravet frå innbyggjarane i Årsetdalen på Vartdal.
– Det er sjølvsagt trist at vi vert skulda for å ikkje vere flinke nok, men vi meiner at vi har brukt mykje tid på å imøtegå krava frå grunneigarane både på fredag, gjennom helga og i dag måndag, seier han.
Aam har likevel forståing for at bebuarane i Årsetdalen er uroa for heimane sine.
– Eg forstår godt at dei er engstelege, og eg trur det viktigaste her blir at vi speler på lag med kvarandre for å få til ei best mogleg løysing, seier ordføraren.
- Les også:
- Les også: