Evakuerer båt

Naudetatane er på veg til Vegsund Slip i Sula på Sunnmøre etter at ein båt som ligg i dokk har fått kantringsside. Personane som er om bord i båten blir evakuerte. Ifølgje politiet ligg båten stabilt i vatnet akkurat no. Redningsskøyta er også på veg for å bistå.