Hopp til innhold
Kystverkskip med slagside på Vegsund slip
Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

«Barentshav» fekk slagside

Oppsummert

30 personar er evakuerte etter at kystvaktskipet «Barentshav» som ligg i dokk på Vegsund Slip på Sula fekk kraftig slagside.

  • Lettare skadar på «KV Barentshav»

    Kystvaktskipet som krenga mens det låg i tørrdokk er no retta opp og teken ut av dokka. Fartøyet skal berre ha fått nokre små bulkar, ifølge dagleg leiar ved Remøy Management, Even Remøy. Han trur årsaka til hendinga ligg i det hydrauliske systemet som skal halde skipet stabilt i dokka. Verftet held på med å granske kva som har skjedd. Skipet går tilbake til det planlagde vedlikehaldsarbeidet på fredag.

  • Vil arbeide stegvis med oppretting

    Det kan ta to, tre dagar å rette opp KV «Barentshav», seier Even T. Remøy, dagleg leiar i Remøy Management. Arbeidet skal skje stegvis, langsamt og trygt. Han kan framleis ikkje seie noko om årsaka til at skipet fekk slagside.

  • – Skipet har stabilisert seg

    Even T. Remøy, dagleg leiar i reiarlaget Remøy Managment, seier at KV «Barentshav» har stabilisert seg. – Det ser enklare ut å få retta det opp enn vi først trudde, og dette vil truleg skje tysdag eller onsdag. Det er ein del utstyr som må på plass først, seier han. Dei har også vore om bord i Kystvaktskipet, og Remøy opplyser at dei så langt ikkje ser teikn til skader.