Hopp til innhold

Europavegen var stengt i ein time

Europavegen gjennom Skorgedalen var stengt i omlag ein time etter at to bilar frontkolliderte i sju-tida.

Skorgedalen

Ulykka mellom dei to personbilane skjedde ved Kristiseter, og kan skuldast at den eine måtte svinge unna ein hjort like før.

Det var ein person i kvar av bilane. Ifølge politiet var begge sjåførane medvitne, og kom seg raskt ut av bilane. Begge klaga på smerte og blei først behandla av ambulansepersonell på staden, før dei blei sende til sjukehus i Ålesund.

Europavegen var stengt i omlag ein time og det blei køar på begge sider av ulykkesstaden.