Hopp til innhold

Tre kvinner overfalt i Ålesund

Politiet mistenker at same gjerningsmann står bak.

- Vi fekk inn tre meldingar på forholdsvis kort tid, og har mistanke om at same mann står bak alle tre, seier operasjonsleiar i Sunnmøre politidistrikt, Arild Reite.

Han fortel at politiet på om lag ein halv time etter klokka fire natt til søndag fekk inn meldingar frå tre kvinner som var angripne i gater på Aspøya.

- Den fyrste er også utsett for eit overgrep, seier Reite, og legg til at ho vart send til overgrepsmottaket ved Ålesund sjukehus for oppfølging.

Repetert framgangsmåte

Denne kvinna kom sjølv til politiet og melde frå om hendinga om lag klokka 4.30 natt til søndag. Klokka 4.17 hadde politiet fått telefonar frå folk like ved området som høyrde skrik og rop frå ei kvinne i gata utanfor.

- Ho var blitt slått av ein ukjent mann, og hadde kutt i leppa, fortel Reite. Politiet tok også denne kvinna med, utan å finne gjerningsmannen.

Ei tredje kvinne ringte politiet klokka 4.34 for å fortelje at ho var blitt slått, og forsøkt dratt over ende i ei anna gate på Aspøya.

- Ho fekk slått tilbake, og kom seg frå staden, seier Reite. Alle kvinnene vart slått, før mannen prøvde å få dei ned på bakken, i følge politiet.

Lik skildring av gjerningsmannen

Politiet er i morgontimane søndag i gang med etterforsking av sakene, og set alle tre i samanheng.

- Dei tre kvinnene skildrar overfallsmannen som ein mann mellom 25 og 35 år, mellom 170 og 180 centimeter høg, lys i huda, men kan vere ein utlending og han hadde på ei mørk jakke, seier operasjonsleiar Reite.

Politiet har også enkelte andre vitner til hendinga, men veit førebels ikkje kven gjerningsmannen er.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL