Hopp til innhold

Er førebudd på ein tøff kamp

Molde-trenar Erling Moe og MFK-spelar Eirik Hestad deltok i dag på ei pressekonferanse i forkant av morgondagens bortekamp mot polske Legia Warszawa.

Dette er den andre kampen dei to laga møtes til i serieligaen. I den første kampen leia MFK 3–0 til pause, men stillinga blei til slutt 3–2.

Trenar Erling Moe seier at dei er førebudd på at det blir ein tøff kamp i morgon.

– Vi veit at det blir tøft når ein kjem opp på det nivået som vi er no. Det er ikkje overraskande at også Legia har gode spelarar. Vi ønskjer ikkje å sleppe inn slike mål som sist, så vi håper at vi er betre førebudd på dei tinga i morgon, seier han.

Eirik Hestad er klar på at det er viktig for dei å vere med å konkurrere i dei ulike ligaane.

– Vi har vore innom Europaligaen og serieligaen nokre gonger. Det å vere med er ikkje nok lenger, vi ønskjer å gå så langt som mogleg, seier Hestad.

– Det betyr mykje både for oss spelarane, trenarane, fansen og klubben generelt, legg han til.

Molde-trenar Erling Moe og MFK-spelar Eirik Hestad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL