Hopp til innhold

Sjøorm i Halsa?

Er det ein sjøorm i Halsa? Det kan tyde på det, for det er i alle fall observert noko på det vatnet som passande nok heiter Megårdsvatnet.

Er det ein sjøorm i Halsa? Det kan tyde på det, for det er i alle fall observert noko på det vatnet som passande nok heiter Megårdsvatnet.

Sjøorm i Halsa? På biletet er det noko mystisk som dukkar opp på vatnet.

Sjøorm i Halsa?

Er det ein sjøorm som er å sjå på biletet?

Foto: Roar Halten / NRK

Nathan Lediard er fotograf, og han sit på det han meiner er bevis på at det er ein sjøorm i Halsa kommune på Nordmøre. Verken tømmerstokk eller rusk på linsa trur han kan vekkforklare det som dukka opp på bileta. Alle andre teoriar er forkasta, det må vere ein sjøorm.

– Ser du, spør Lediard og peikar på bakgrunnen på eit fotografi.

På det som skulle bli eit familieportrett, dukka det plutseleg opp noko uforklarleg.

Lediard viser fram to bilete som er tatt sju sekund etter kvarandre, og på det eine er det noko på vatnet.

– Denne her spratt opp, seier han og zoomar inn på biletet.

– Tydeleg at noko bryt vatnet

Jan Erik Glåmen

Jan Erik Glåmen er overbevist om at det var ein sjøorm som dukka opp på bilete av foreldra hans.

Foto: NRK

Familiefotograferinga som Jan Erik Glåmen hadde foreldra sine med på vart noko spesiell. Med god utsikt til Megårdsvatnet dukka det som skal vere ein orm opp i bakgrunnen på familiefotografia.

– Her er foreldra mine som me var og tok bilete av, seier Jan Erik Glåmen.

På framsida av avisa DRiVA er bilete av dei to blitt hovudoppslaget.

– Du ser det som bryt vatnet der, det kan sjå ut som eit insekt her i avisa, men når me fekk det opp på 42 tommars skjerm så ser ein tydeleg bylgjene rundt og at det er noko som bryt vatnet, og det sprutar vatn, seier han.

Overbevist om at det er sjøorm

Megårdsvatnet er ikkje spesielt djupt, men det er meir enn bilete som gjer at ein trur det kan vere ein orm i vatnet.

– Det er me overbevist om, fordi dette er jo Megården, som er eit fornya ord eller eit dialektord for Midtgard som er det opphavlege namnet på vatnet her, seier Glåmen.

–Dette vatnet ligg under Megården, eller Midtgard som me vil kalle det no, legg han til.

NRK sin reporter såg ingen sjøorm den tida han var på staden.

Roar Halten

Roar Halten såg ingen sjøorm då han var ved Megårdsvatnet.

Foto: Roar Halten / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL