Hopp til innhold

Fylkesvegnettet treng vedlikehald for 5,6 milliardar kroner

Det vil koste enorme summar å oppgradere og vedlikhalde fylkevegsnettet i Møre og Romsdal. Den største utgiftsposten ligg på vedlikehald av tunnelar.

Godøytunnelen

Godøytunnelen er ein av tunnelane som treng full oppgradering.

Foto: Steinar Vikås

I dag kjem rapporten over korleis ståda på fylkesvegnettet er. I Møre og Romsdal er det registrert eit samla behov på 5,6 milliardar kroner for å ruste opp tunnelar, vegar, bruer og ferjekaier.

Det er oppgraderinga av tunnelar som er ein største utgiftsposten. Av 61 fylkesvegtunnelar er det berre åtte som ikkje treng noko form for tiltak.

Full oppgradering

Tre tunnelar i Møre og Romsdal treng full oppgradering. Det gjeld Heggurtunnelen på fv 92, Godøytunnelen på fv 658 og Fannefjordtunnelen på fv 65. Til saman vil det koste om lag 960 millionar kroner. Det vil også koste 465 millionar kroner for å betre tryggleiken i 31 tunnelar, og nesten ein halv milliard til å skifte ut diverse utstyr.

Nye bruer

Når det gjeld oppdragering av bruer og ferjekaier ligg kostnaden på 1,2 milliardar kroner. Størst behov for nye bruer er for Remøybrua og Nerlandsøybrua. Det er også behov for ny bru for Bolmebrua, Tjørsundbrua og Åheimsbrua.

Ferjekaiene med størst behov for reparasjon er Eidsdal og Linge ferjekai, Stranda ferjekai og Liabygda ferjekai. I tillegg har 34 andre ferjekaier i fylket behov for tiltak.

For heile landet er behovet for oppgradering av fylkesvegane på mellom 45 og 75 milliarder kroner. Nordland har det største etterslepet, deretter fylgjer Hordaland, Troms og Møre og Romsdal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL