Hopp til innhold

Endringane er ikkje over

– Ein storregion på Vestlandet kjem til å føre til ei ny runde med samanslåing av kommunar, trur ordføraren i Volda, Jørgen Amdam frå Arbeidarpartiet. Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har skrive intensjonsavtale om å slå seg saman. Amdam trur det på sikt blir vanskeleg for Møre og Romsdal å stå åleine. – Ein så stor region vil og føre til færre kommunar, kanskje berre seks-10 i Møre og Romsdal, trur Amdam.

Jørgen Amdam
Foto: Bård Siem / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL