Hopp til innhold

Endeleg kakefest i Ulsteinvik

Det låg mangt eit lettelsens sukk over kakebord og kaffikoppar i kantina hos Ulstein Group i dag. Festen over to splitter nye kontraktar gjorde godt for mage og sinn.

Folk forsyner seg av stort kakebord

Festkaker smakar godt saman med nye ordrar for dei tilsette ved Ulstein Group.

Foto: Arne Flatin / NRK

Smila var breie og latteren sat laust då tilsette og leiing i Ulstein Group feira seg sjølve og nye-kontraktane i dag. Kantina var fullsett av feirande verftsarbeidarar og leiing.

– Det er heilt fantastisk! Dette har vi gått og venta på lenge. Gårsdagen var ein drøymedag, og festen held fram i dag. Masse kaker må til for å feire, smiler ein godt nøgd tillitsvald Lena Kathrin Hansen.

Smilande dame

Lena Kathrin Hansen var ei av mange tilsette som kunne smile godt i dag.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ho og dei andre tilsette kan saman med leiinga, unne seg både eitt og tre kakestykke etter at verftet endeleg har sikra seg to viktige kontraktar.

Det skjer i ein marknad der det er langt mellom nybygga. Midt i kakefesten presenterte konsernleiinga detaljane i dei to nye kontraktane som blei offentleggjorde i går, for dei tilsette.

Kantine med mange folk ved borda

Ei fullsett kantine fekk orientering om dei nye kontraktane for Ulstein Group.

Foto: Arne Flatin / NRK

Styrkar posisjonen

Eine kontrakten er inngått med nederlandske Acta Marine om bygging av eit CSV-skip. Det er ein svært anvanset skipstype som kort forklart, hjelper oljeselskapa når dei gjer operasjonar under vatn, eller i bygginga av nye installasjonar.

Intensjonsavtalen som dei har inngått med Color Line inneber at Ulstein Verft skal bygge verdas største hybridskip.

To personar forsyner seg av marsipankake

Tore Ulstein og Gunvor Ulstein gledde seg med dei tilsette under kakefesten i dag.

Foto: Arne Flatin / NRK

– Kontraktane viser kor framtidsretta vi er, og forankarar posisjonen vår innan vindmarknaden, seier konsernsjef i Ulstein Group, Gunvor Ulstein.

Vinn eller forsvinn

Ulstein er no halvanna år inne i ein omstillingsprosess. Og visekonsernsjef Tore Ulstein peika på kor små marginane er i verftsbransjen.

– Her får du ikkje bronse eller sølvmedalje. Det er anten vinn du eller forsvinn. Vi følte no at det vår tur til å få stang inn, for å bruke eit uttrykk frå fotballen, seier Tore Ulstein, visekonsernsjefen.

Dei tilsette i Ulstein Group har sett mange kollegaer forsvinne ut i arbeidsløyse og permitteringar. Men denne onsdagen blei altså dagen for breie smil og nøgde verftstilsette.

Les også: To kontraktar på ein dag til Ulstein .

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL