Hopp til innhold

Eldre kvinne døydde i bustadbrann i Ålesund

Det oppstod brann i ei leilegheit i Ålesund natt til sundag. Ei 89 år gamal kvinne omkom, stadfestar politiet.

Dødsbrann i Ålesund

Krimteknikarar gjer undersøkingar på staden. Årsaka til brannen er ikkje klar.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Klokka 04.09 fekk politiet melding om røykutvikling i ei blokkleilegheit i Ålesund by.

Brannvesenet fekk avgrensa brannen til den eine leilegheita, der ei 89 år gamal kvinne budde åleine. Den ligg i første etasje.

– Kvinna er stadfesta omkomen og dei pårørande er varsla, seier operasjonsleiar John Bratland i Møre og Romsdal politidistrikt.

Dødsbrann i Ålesund

Brannen blei avgrensa til ei leilegheit.

Foto: Elisabeth Haddal Røsvik / NRK

Brannen var sløkt klokka 04.31, og litt før fem var heile bygget søkt gjennom.

– Det var litt røyk som blei merkt i andre leilegheiter, men ingen andre fekk skadar, seier Bratland.

Kriminalteknikarar er på staden for å gjere undersøkingar. Politiet vil førebels ikkje seie noko om brannårsaka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL