Hopp til innhold

Ingen skadd etter arbeidsuhell ved Fiskerstrand Verft

Naudetatane rykka ut etter melding om ein eksplosjon ved Fiskerstrand Verft i Sula kommune. Det viste seg å vere ein test som ikkje gjekk etter planen.

«Arctic Pearl» ved Fiskerstrand Verf

Arbeidsuhellet skjedde i forbindelse med testing av eit røyr på båten «Arctic Pearl»

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Like før klokka 12 kom det melding om at naudetatane rykka ut til ein uavklart situasjon ved Fiskerstrand Verft i Sula kommune.

Test som gjekk gale

Dei første meldingane gjekk ut på at det skulle ha vore ein eksplosjon om bord i båten «Artic Pearl» som ligg til kai.

– Det var ikkje ein eksplosjon i ordets rette forstand. Her er det snakk om eit arbeidsuhell under ein test, seier Leif Arne Mork, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Nitrogen siver ut av «Arctic Pearl» ved Fiskerstrand Verf

«Arctic Pearl» ved Fiskerstrand Verft like etter uhellet.

Foto: Tipser

Det viste seg at det gjekk gale då dei skulle gjere ei kontrollert trykktesting av røyr om bord. Røyret tolte ikkje trykket og det førte til eit kjempesmell.

– Det var ein del som ikkje tolte det den skulle. Det fekk ingen konsekvensar utover smellen, seier Magne Standal, administrerande direktør i Fiskerstrand Verft.

Magne Standal

Magne Standal seier at situasjonen var udramatisk.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Nitrogen seiv ut

Det var gassen nitrogen som seiv ut av røyret.

– Det førte til ein stor smell. Industriverngruppa vår var raskt på plass og fekk kontroll på situasjonen. Naudetatane blei kontakta rutinemessig, seier Standal.

Røykdykkarar har målt gassnivået på båten. Situasjonen er avklart og det heile skal vore udramatisk.

Ingen skadd

Uhellet skjedde da dei tilsette hadde lunsjpause, og det var ikkje folk i nærleiken. Ingen blei skadd i uhellet. Politiet har avslutta arbeidet på staden.

– No fortsett arbeidsdagen, seier Standal.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL