Hopp til innhold

Eksplosjon i Volda - to til sjukehus

Det har vore ein eksplosjon i brannstasjonen i Volda. Brannstasjonen ligg i rådhuset, som sto full fyr etter eksplosjonen.

Brannvesenet forsøker å berge rådhuset.

Brannvesenet forsøker å berge rådhuset.

Foto: Silje B. Fjeldstad / NRK

To personar vart sende til sjukehus, melder politiet.

Brannstasjonen ligg i rådhuset i Volda sentrum, og store delar av Volda vart avsperra.

Eksplosjon.

Eksplosjonen skal ha skjedd i brannstasjonen.

Foto: Silje B. Fjeldstad / NRK

Flammar ut vindauga

Politiet fekk melding om eksplosjonen klokka 13.10 søndag, seier operasjonsleiar Audun Vartdal ved Sunnmøre politidistrikt til NRK Møre og Romsdal.

- Vi fekk melding om ein kraftig smell frå brannstasjonen, seier Vartdal.

Fleire vindauge vart blåst ut.

Fleire vindauge vart blåst ut.

Foto: Silje B. Fjeldstad / NRK

– Fleire vindauge skulle ha blåse ut, og det kom røyk ut. Seinare fekk vi melding om at det var flammar ut gjennom vindauga.

- Det er uklart kva som har skjedd. Vi har innsatspersonell på staden, fortel operasjonsleiaren.

- Er andre personar skadde?

- Ikkje så vi veit.

Flammane står ut av bygget.

Rådhuset i Volda står i full fyr etter ein eksplosjon søndag formiddag.

Foto: Karen Brænne

- Veit de kva som er årsaka til eksplosjonen?

- Vi har høyrt ein del om kva som kan ha skjedd, men vil ikkje gå ut med det no, seier operasjonsleiar Audun Vartdal.

Brann i rådhuset i Volda

Brann i rådhuset i Volda. Politiet fekk melding om eksplosjonen som førte til brann, klokka 13.10 søndag.

Foto: Torbjørn Frantsen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL