Hopp til innhold

Ekornes over kneika

Sjølv om Ekornes leverer dårlegare resultat enn i fjor, ser konsernet ut til å ha kome over kneika etter finanskrisa.

Sykkylvsbrua og Ekornes
Foto: Odd Sørås / NRK

Omsetnaden før skatt gjekk tilbake med 15,1 prosent første halvår. Men utsiktene ser no lyse ut.

Alle i arbeid

Då finanskrisa slo til for fullt hausten 2008 permitterte Ekornes 62 tilsette. Så godt som alle desse er tilbake på jobb i Ekornes.

- Måsettinga og fokuset vårt har heile tida vore å få alle permitterte tilbake i arbeid. Det er vi no nesten i mål med, og det er vi glade for, seier administrerande direktør, Øyvind Tørlen.

Styrka ut av finanskrisa

Leiinga i Ekornes-konsernet meiner imidlertid at marknaden er krevjande og uviss. Dei trur likevel at konsernet har kome styrka ut av finanskrisa.

- Vi har kjende merkevarer og eit godt system for sal og marknadsføring. Vi har lite gjeld og ein sterk balanse. Med eit effektivt og moderne produksjonsapparar gjv dette oss konkurransekraft, seier Tørlen.

Tørlen tek over i Ekornes

Mindre stress i møbelbransjen

Siste dag på systua

Færre må gå i Ekornes

Auka ordreinngang

Ordreinngangen i første halvår utgjorde 1317 millionar kroner. Dette er ein auke frå 1287 millionar kroner i same periode året før. Auken har kome både i sentral-Europa med 10 prosent og i Noreg der auken i første halvår var på 26 prosent. Det er Svane-madrassane og Stressless-stolane som aukar.

- Vi er godt nøgde med dette, særleg sett i lys av at møbelmarknaden er vanskeleg både i Noreg og internasjonalt, seier Tørlen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL