Hopp til innhold

Ekornes innfører firedagarsveke

Møbelprodusenten Ekornes ser seg nøydde til å innføre firedagarsveke, på grunn av ein lavare ordrereserve enn forventa.

Nils-Fredrik Drabløs, administrerende direktør i Ekornes

Møbelprodusenten Ekornes, her representert ved konsernsjef Nils Fredrik Drabløs, innfører firedagarsveke over ei sjuvekersperiode, på grunn av ein ordrereserve som er lågare enn forventa.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

Om lag 1.200 tilsette ved Ekornes sine produksjonsanlegg på Grodås i Sogn og Fjordane, på Hareid og ved tre anlegg i Sykkylven, vil bli ramma.

Ekornes frykta tidlegare i sommar for at tilsette måtte permiterast.

– Ordrereserven lavare enn forventa

Det var ein svikt i ordrereserven som gav utslaget.

– Like før sommarferien informerte vi i leiinga dei tilsette og aksjemarknaden om at ordrereserven var lavare enn forventa, og vesentleg lavare i forhold til fjoråret. Den situasjonen har ikkje betra seg i løpet av sommaren, seier konsernsjef i Ekornes, Nils Fredrik Drabløs, og legg til:

– Vi har difor måtte gå til det skrittet å gjennomføre firedagersveke over ei åttevekersperiode frå september til oktober.

Einigheit internt

Ekornes går til det drastiske skrittet for å tilpasse drifta til den løpande ordremassen. Konsernsjefen meiner tiltaket er omstendeleg diskutert innad.

– Det er full einigheit internt om at dette er eit tiltak som passar godt i forhold til situasjonen, og som får minst moglege konsekvensar for dei tilsette, seier Nils Fredrik Drabløs avslutningsvis.

– Alle deler på belastinga

Hovudtillitsvalt for dei tilsette i Ekornes, Asbjørn Sjåstad, meiner firedagarsveke over ei kortare periode er eit greit alternativ, då ein på denne måten unngår permitteringar.

– Det er sjølvsagt ikkje kjekt å måtte redusere arbeidstida til dei tilsette. Men dette er ein fornuftig måte å gjere det på, basert på den historiske ordreinngangen for august og september, seier Sjåstad.

Han poengterer at ingen vil misse jobben sin som følgje av innføringa av firedagarsveker.

– Vi deler alle på belastinga. Dersom vi var nøydde til å permittere, hadde berre eit fåtal måtte kjenne på belastinga åleine, seier Asbjørn Sjåstad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL