Verneforslaget har ført til sterke reaksjonar lokalt.
Mange fryktar at ein plan som vil verne meir enn ein tredel av landarealet, vil øydeleggje for næringslivet på Smøla. Ifølgje Nordseth manglar forslaget lokal forankring og han seier han er frustrert over kommunikasjonen med einskapsfylket.
Prøvestein
Frå og med nyttår er fylkesmannens administrasjon slått saman med fylkeskommunen i det såkalla einskapsfylket. Det er fylkesmannen si tidlegare miljøvernavdeling som står bak forslaget til verneplan for Smøla. Nærings- og miljøutvalget i den tidlegare fylkeskommunen har derimot stilt seg kritisk til forslaget.
Nordseth mener difor denne saka blir ein prøvestein for det nye einskapsfylket.