Hopp til innhold

Eingongsgrill førte til røykutvikling

Det var truleg ein eingongsgrill som var årsaka til røykutvikling i eit fråflytta bygg i Ålesund sentrum.

Alle nødetater rykte ut etter melding om åpen ild i et hus på Aspøya i Ålesund i kveld. 
Brannvesenet fikk raskt kontroll over situasjonen og en person ble tatt med til legesjekk. 
Ingen flere personer skal ha vært i huset som har stått ubebodd i flere år. Det er andre gang på kort tid at uvedkommende har tatt seg inn i huset og forårsaket brannutrykning.

Naudetatane rykte måndag kveld ut til ein mogleg brann i eit fråflytta bygg i Ålesund sentrum.

Det opplyser Per Åge Ferstad, operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Det var like etter klokka 18. 30 at naudetatane rykka ut til Nedre Strandgate i Ålesund, etter at dei tok imot meldingar om at det var observert opne flammar i eit fråflytta hus på Aspøya.

Brannvesenet tok seg inn i bygget og henta ut ein person. Kvinna blei undersøkt av ambulansepersonell på staden og køyrd til sjukehus for nærare kontroll. Ho skal ikkje vere alvorleg skadd.

– Det var røyk inne i huset, og det bar preg av at ein eingongsgrill var nytta, seier Ferstad.

Andre gong på to veker

Seinast førre veke måtte brannvesenet rykke ut til den same adressa i Nedre strandgate. Då blei ei kvinne vist vekk frå staden etter at ho hadde tatt seg inn i bygget for å lage mat på ein eingongsgrill. Det er enno ikkje klart om det er ein samanheng mellom desse to episodane.

Røykutvikling Ålesund

Innsatsleiar Karl Jonas Volen ved Sunnmøre politidistrikt.

Røykutvikling

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL