Hopp til innhold

Etterforskar dødsbrann i Kristiansund

Kriminalteknikarar frå politiet gjer fredag undersøkingar etter ein dødsbrann i Kristiansund torsdag kveld.

Brann i leiligheitsbygg i Kristiansund, åstadsundersøking 21.februar

Fredag var politiet på staden for å gjere undersøkingar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Fleire bebuarar vart evakuerte etter at det starta å brenne i eit leilegheitshus i Kristiansund torsdag kveld. Ved 01-tida natt til fredag stadfesta Møre og Romsdal politidistrikt at ein person omkom i brannen.

Laster Twitter-innhold

Fredag har kriminalteknikarar frå politiet jobba på staden.

Politifullmektig ved Møre og Romsdal politidistrikt, Christina Sve Hagen, seier at dei jobber med å avklare brannårsaken og dødsårsaka.

– Vi veit ikkje så mykje på dette tidspunktet. I alle fall ikkje som vi kan gå ut med, med omsyn til etterforskinga, seier Sve Hagen til NRK i 12.00-tida fredag.

Rykte ut til brann

Naudetatane fekk melding om at det var opne flammar frå leilegheita i Nordlandet i Kristiansund klokka 20.33. Det bur 10 personar i den delen av bygget som brann, opplyser politiet.

– Fleire personar er evakuerte, opplyste operasjonsleiar John Brattland ved Møre og Romsdal politidistrikt til NRK torsdag kveld.

Det var i starten uoversiktleg for politiet å få oversikt over alle bebuarane. I heile bustadkomplekset er det 30–40 leilegheiter, ifylgje Tidens Krav.

Brannvesenet fekk raskt kontroll på brannen, og det var ikkje fare for spreiing. Dei sjekka loftet, taket og andre leilegheiter.

Politiet kan så langt ikkje seie noko om årsaka til at det starta å brenne.

Brann på Nordlandet i Kristiansund

Ein person er stadfesta omkommen etter brannen på Nordlandet.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL