– Mannen er i slutten av 40-åra, det er ho også, fortel politiet til NRK onsdag kveld.
Éin mann omkom etter ulukka der denne motorsykkelen var involvert.
Foto: Ivar Torset / NordvestnyttBegge er av utanlandsk opphav, og var ein del av eit reisefølgje på seks. Motorsykkelen dei to sat på køyrde utanfor fylkesveg 682 i Foldfjorden i Aure.
– Det har skjedd ei trafikkulukke med tragisk utgang, sa operasjonsleiar Thorry Aakenes til NRK klokka 14.55.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 14.13. Det var ingen andre involverte i ulukka.
Uklar hendingsgang
Det var fem motorsyklar i reisefølgje, der éin av dei køyrde av vegen.
Politiet opplyser at hendingsgangen er uklar.
– Men vi er ferdige på staden og etterforskar saka. Ulukkesgruppa til Vegvesenet har vore på staden, opplyser operasjonsleiar Tore Hals.
Trafikken går som vanleg på staden onsdag kveld.
Politiet fekk melding om ulukka klokka 14.13.
Foto: Ivar Torset / NordvestnyttReisefølgjet har reist frå Aure
Mannen involvert i ulukka blei tidleg stadfesta omkomen, medan kvinna er alvorleg skadd. Ho blei frakta til St. Olavs Hospital i Trondheim.
– På bakgrunn av dette har vi innkalla kriseteam og ulukkesgruppa til Statens vegvesen, sa Aakenes onsdag ettermiddag.
Det kommunale kriseteamet tok hand om reisefølgjet etter ulukka, før dei seinare reiste frå Aure, opplyser politiet i Nordmøre og Romsdal.
Jobbar med å kontakte pårørande
Identiteten til den omkomne blei stadfesta tidleg, men politiet i heimlandet har slite med å få tak i dei pårørande.
– Vi ventar på tilbakemelding frå politiet der. Det kan gå tid, seier operasjonsleiar Hals.
Dette er andre dødsulykka på ein dag i trafikken i Møre og Romsdal. I dag tidleg mista ein mann livet i ei trafikkulukke i Romsdalen.
NRK følgjer saka.