Hopp til innhold

Namnet på omkomen 37-åring frigjeve

Det var 37 år gamle Ole Christian Thunes som mista livet etter trafikkulukka ved Verma i Romsdalen onsdag morgon. Mannen sin sju år gamle son ligg på St. Olavs Hospital etter ulukka.

Dødsulykke ved Verma i Romsdalen

Ulukka skjedde ved Verma i Romsdalen i Rauma kommune.

Foto: Tipsar

Det var onsdag klokka 05.37 at naudetatane fekk melding om ein bil som hadde køyrt av vegen mellom Verma og fylkesgrensa i Rauma. Ulukka skjedde på E136 ved Sæterbø.

Føraren av bilen, ein 37 år gammal mann, blei funnen omkomen i bilen.

Klokka 19.30 onsdag opplyser operasjonsleiar Tore Hals i Nordmøre og Romsdal politidistrikt at det var Ole Christian Thunes frå Brønnøysund som omkom.

Alle pårørande er varsla, slår politiet fast.

Sjuåringen varsla om ulukka

I tillegg til 37-åringen var mannen sin sju år gamle gut i bilen.

Guten kom seg opp på vegen og fekk stoppa ein forbipasserande, som igjen varsla politiet. Guten sjølv blei flogen til St. Olavs Hospital i Trondheim.

Seinare på dagen var tilstanden til den unge guten stabil. Skadane var moderate, men barnet blei lagt inn på barneintensiven til observasjon.

Guten var altså også heimehøyrande i Nordland. Det var ikkje andre involverte i ulukka.

Område utan autovern

– Det er for tidleg å seie noko om kva som har skjedd, sa operasjonsleiar Tore Hals i Nordmøre og Romsdal politidistrikt til NRK tidleg onsdag.

Statens vegvesen si ulukkesgruppe blei tilkalla – som vanleg i dødsulukker, opplyste Hals.

Det er klart at bilen køyrde utfor vegen på eit område utan autovern.

Saka vil bli etterforska vidare av lensmannskontoret i Rauma.

Beklager, vi kunne ikke vise innholdet.
Se «Dødsulukke på Verma i Romsdal» i nytt vindu