NRK Meny

Ein million til stikk ut

Friluftsrådet for Ålesund og omegn fekk onsdag ei gåve på ein million kroner til StikkUT-kampanjen, der turgåarar kan registrere turane og få tips og idear til nye turar i skog og mark.

Pengane skal bli brukte til å få fleire ut av sofaen og ut på tur. StikkUT er utvikla av friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal, og seinare har også ei rekke kommunar på Sunnmøre slutta seg til.