Løvik føreset at dette vert følgt opp med pengar også dei komande åra.
Mindre pengar skaper uro
Olav Bratland(H) er leiar for samferdsleutvalet i Møre og Romsdal.
Olav Bratland, som er leiar i samferdselsutvalet i fylket, trur at prosjektet vert skadelidande når Vegdirektoratet innstiller på mindre pengar til fylket enn det som er rekna med. Bratland frytar at oppstarten for Eiksund-sambandet blir utsett i eitt år på grunn av mangel på pengar - eller at bompengeperioden må forlengast.
Grunnlaus frykt
Petter Løvik meiner at Bratland si frykt er grunnlaus. Arbeidet med Eiksund-sambandet skal starte for fullt frå hausten 2003, og Løvik kjenner seg ganske sikker på at dette står ved lag. Torsdag blir revidert nasjonalbudsjett lagt fram og her blir Eiksund-sambandet omtala, seier Løvik.
Møre og Romsdal blir gløymd
Det er dei tronge rammene frå Vegdirektoratet som gjer at Olav Bratland ropar eit varsku. Bratland meiner Møre og Romsdal blir gløymd av Stortinget, og at pengane istaden går til andre fylke.
Rammene frå Vegdirektoratet er ikkje til å leve med, seier Bratland. Mellom anna peikar han på at Møre og Romsdal får eit etterslep på 238 millionar kroner på stamvegane for perioden 2002-2004. Mangelen på pengar får svært negavtive verknadar for Møre og Romsdal, meiner Bratland.