Hopp til innhold

Eide kommune tapte i Høgsterett

Eide kommune tapte saka om sjukepengar til tidlegare ordførar Ove Silseth. Ordførarar har ikkje rett til sjukepengar som arbeidstakta, men som frilansar, meiner Høgsterett.

Ove Silseth

Denne veka kom dommen frå Høgsterett som seier at ordførarar ikkje har rett til sjukepengar som arbeidstakarar, men som frilansarar.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Det var rbnett.no som først omtalte saka.

Høgsterett har no avsagt dom i saka mellom Eide kommune og partshjelpar KS, og Staten ved Arbeids- og velferdsdirektoratet. Det rettslege spørsmålet var om tidlegare ordførar Ove Silseth var arbeidstakar i folketrygdlovens forstand, og om kommunen hadde rett på refusjon for forskottert godtgjersle under sjukefråvær.

Nekta å refundere sjukepengar

Då ordføraren i Eide kommune blei sjuk, nekta NAV å betale kommunen refusjon for sjukepengane til ordføraren. Grunngjevinga var at folkevalde ikkje er arbeidstakarar etter folketrygdlova og dermed ikkje har lønn, men honorar. NAV meinte at slik godtgjersle ikkje var refusjonspliktig.

Etter fleire rundar med NAV og i rettssystemet, bestemte Frostating lagmannsrett i fjor at ordførarar er å rekne som arbeidstakarar og dermed har krav på sjukepengar ved behov. Staten ved Arbeids- og velferdsdirektoratet gjekk vidare med saka og anka dommen inn for Høgsterett.

Denne veka kom dommen i saka som seier at ordførarar ikkje har rett til sjukepengar som arbeidstakarar, men som frilansarar.

– Høgsterett har no tatt stilling til dette uklare tolkingsspørsmålet og det var ei nyttig avklaring, seier advokat Gry Brandshaug Dale i KS Advokatane.

Heile dommen kan du lese her.

Skal få sjukepengar som frilansarar

Kommunane må som ei konsekvens av dommen la vere å forskottere godtgjersle under sjukefråvær, slik at ordføraren (og andre politikarar) kan få utbetalt sjukepengane direkte frå NAV etter reglene for frilansarar.

KS anbefaler vidare at ordførarane får behalde godtgjersle i de to første vekene (venteperioden).