Hopp til innhold

Full siger over NAV i retten

Då ordføraren i Eide kommune blei sjuk, nekta NAV å betale refusjon til kommunen. Det skulle dei ha gjort, seier Lagmannsretten.

Ove Silseth

– Ikkje lenger lausarbeidar. Eide-ordførar Ove Silseth (H) er glad for at NAV no må betale refusjon.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Då ordføraren i Eide kommune blei sjuk, nekta NAV å betale kommunen refusjon for sjukepengane til ordføraren. Grunngjevinga var at folkevalde ikkje er arbeidstakarar etter folketrygdlova og dermed ikkje har lønn, men honorar. NAV meinte at slik godtgjersle ikkje var refusjonspliktig. No har Frostating lagmannsrett slått fast at NAV skulle ha utbetalt refusjon.

– Siger for ordførarar i heile Noreg

Eide-ordførar Ove Silset er svært glad for dommen.

– No er eg ikkje lenger lausarbeidar, sa han etter å ha orientert ordførarkollegaer i Nordmøre og Romsdal om dommen fredag.

– Dette er ein siger for ordførarane i Noreg. No kan ein stille til val utan å vere redd for å misse inntekta si dersom ein skulle vere så uheldig å bli sjuk, slik som meg.

NAV sin praksis har vore ulik. Folkevalde har fått refusjon tidlegare, men i Silseth sitt tilfelle ville NAV tydelegvis teste ei anna tolking av regelverket og nekta å betale ut refusjon.

Trygderetten gav medhald

Silseth fekk utbetalt sjukepengar frå kommunen i perioden han var sjukmeld, men då kommunen søkte om refusjon frå NAV, blei det avslag. Avslaget blei også sendt til Silseth personleg.

Silseth klaga og bad NAV om å gjere om vedtaket, men fekk på nytt avslag. Då anka han til Trygderetten. I januar 2014 konkluderte Trygderetten med at NAV sitt vedtak skulle gjerast om og at Eide kommune hadde rett til refusjon etter vanlege reglar. NAV svarte med å saksøke kommunen.

No har Frostating lagmannsrett i ein samrøystes dom altså slått fast at ein ordførar er arbeidstakar etter folketrygdlova og at NAV dermed skulle ha betalt ut refusjon. Eide kommune er også tilkjent sakskostnader.

– Burde ikkje vore i retten

Sidan dette er ei prinsipiell sak som gjeld heile landet er det mogleg at NAV vil anke avgjerda til Høgsterett. Ove Silseth meiner saka ikkje høyrer heime i rettsapparatet i det heile men burde vore avklart av Arbeids- og velferdsdirektoratet i staden.

– Vi skal ikkje bruke rettsapparatet til slikt tull som dette her, seier Eide-ordføraren.

Skal lese dommen nøye

– Vi har akkurat mottatt dommen, og tar den til etterretning. Vi skal lese dommen nøye, og vil vurdere seinare, i samråd med departementet, om vi skal anke saka, seier Inger Reidun Mikalsen. Ho er sjef for juridisk seksjon i NAV.