NRK Meny

Dyrare opprydding enn planlagt

Oppryddinga av miljøgifter under bakken på Ysteneset i Ålesund blir dyrare enn planlagt. Miljøgifta blei oppdaga under ei miljøundersøking i 2016 og oppryddinga starta tidlegare i vår. No har oppryddingsarbeidet vist seg å vere meir omfattande og tidskrevjande enn venta og Ålesund kommune må truleg punge ut med sju millionar, noko som er nesten ti gonger meir enn det som var estimert. Det skriv Sunnmørsposten.

Opprydding av gammel forurensning på gassverktomta på Ysteneset
Foto: Håvard Jangaard Strand / NRK