NRK Meny

Dyrare for å få ei ferje til

Fylkesrådmannen opnar for å auke takstsona i sambandet Åfarnes-Sølsnes med tre soner. Det betyr ein auke på 12 kroner for personbil og 50 kroner for tyngre køyretøy. Forslaget kjem frå Raumaordførar Lars Olav Hustad og Britt Flo i selskapet Langfjordforbindelsen. Hensikta er å finansiere ei ferje nummer to i sambandet. Saka kjem opp i samferdselsutvalet måndag.

Ferga mellom Sølsnes og Åfarnes
Foto: Steinar Vikås