Hopp til innhold

Fleire nordmenn måtte hoppe i sjøen då rigg fekk slagside

Ein borerigg på verftet Jurong i Singapore fekk slagside og dei om bord måtte hoppe i sjøen. 15 av dei var nordmenn, to av dei frå Molde.

SINGAPORE-SHIPPING-SHIPYARD-ACCIDENT

Boreriggen kantra og om lag 90 personar vart skadd. Alle nordmenn om bord kom frå ulukka utan skader.

Foto: ROSLAN RAHMAN / Afp

Det var klokka fire i natt norsk tid at arbeidarane om bord på boreriggen måtte evakuere. 90 skal ha blitt sendt til sjukehus, i fylgje Channel News Asia.

Éin av dei skal vere kritisk skadd og 22 alvorleg skadd. Alle nordmennene som jobbar for National Oilwell Varco er i god behald.

To av dei norske var frå Molde-kontoret til National Oilwell Varco.

I trygge hender

Tor Henning Ramfjord

Tor Henning Ramfjord seier at det var dramatisk for dei som måtte hoppe i sjøen, men at alle deira tilsette no er trygt tilbake på hotellet.

Foto: Geir Ingar Egeland / NRK

– Vi har kontroll på alle våre folk og dei er i trygge hender, seier administrerande direktør, Tor Henning Ramfjord.

National Oilwell Varco er eit internasjonalt selskap som har kontor fleire stader i Noreg, blant anna i Kristiansand og Molde. Det er 4000 tilsette i Noreg.

Mange om bord

– Vi veit enno ikkje kva som gjekk gale, men riggen kantra over på den eine sida, seier Ramfjord.

Han har ikkje tal på kor mange som var på riggen då ulukka skjedde, men av erfaring veit han at det er mykje folk på riggane under bygging.

Dei tilsette ved National Oilwell Varco heldt på med installasjon og oppstart av utstyr på riggen.

Dramatisk

– Sjølvsagt var det dramatisk når dei måtte hoppe i sjøen, men alle er no trygt tilbake på hotellet, seier Ramfjord.

Heile teamet skal samlast i kveld til ein briefing. Verksemda har også etablert eit beredskapsteam i Noreg som er i løpande kontakt med dei.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL