Dømt til fengsel for vald

Ein mann i 50-åra er dømt til åtte månaders fengsel for psykisk og fysisk vald mot sin eigen son. Valden skal ha skjedd ved fleire anledningar i løpet av ein toårsperiode. Retten meinte eitt års fengsel var ei passande straff, men mannen frå Sunnmøre fekk fire månaders frådrag i straffa på grunn av lang liggetid. Han må også betale 80.000 kroner i erstatning til sonen sin.