Dømt til 341 timar samfunnsstraff

Ein mann i 50-åra frå Sunnmøre er dømt til 341 timar med samfunnsstraff for å ha oppbevart ei stor våpensamling ulovleg heime. I 2017 beslagla politiet 235 våpen heime hos mannen og i heimen til foreldra hans. Det er snakk om automatgevær, halvautomatiske pistolar, revolverar og hagler, i tillegg til 27 000 skarpe skot og 35 kilo krut. Mannen i 50-åra hadde ikkje våpenkorta for desse våpena, men har hatt våpenkort for andre våpen sidan han var 18 år. Foreldra til den dømde visste ikkje noko om at han hadde oppbevart ein del av våpena heime hos dei. Han tilstod alle forhold i retten.

Våpenbeslag på Sunnmøre
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK