Mannen traff jenta gjennom ein kontakttelefon og jenta rømte frå heimen i Trøndelag for å treffe han. Ho fortalde først at ho var 20 år gamal, men før ho reiste avslørte ho at ho berre var 13 år gamal. 43-åringen tok likevel i mot jenta i heimen sin, og gjennomførte samleie med henne ein gong.
Etterlyst
Retten meiner mannen var klar over at foreldra til jenta hadde etterlyst henne, og at politiet var kopla inn i saka. Sjølv ikkje når den lokale lensmannen kom på døra til mannen, fortalde han at jenta var på besøk. Først når lensmannen sjølv leita gjennom huset, fann han jenta.
Ikkje noko formildande
- Med ein så stor aldersforskjell er det venta at den vaksne avstår frå seksuell kontakt, sjølv om den mindreårige ber om det, meiner retten. Det er ikkje funne noko formildande i saka, og retten legg vekt på at 43-åringen har utnytta ei ung jente som var i ein sårbar situasjon.
Retten meiner det heller ikkje er formildande at begge hevda at samleiet var frivilleg så lenge jenta berre var tretten år. 43-åringen må betale jenta 40.000 kroner i oppreising.