Hopp til innhold

Dømd til psykisk helsevern etter mordbrann i Kristiansund

Ein kristiansundsmann i 30-åra er dømt til psykisk helsevern etter å ha sett fyr på eit bufellesskap tidlegare i år. Brannen kunne lett ha ført til at fleire brann inne.

Norges lover

Mannen som no er dømd til tvungen psykisk helsevern har fleire gongar tent på husa der han har budd, i rein frustrasjon. Retten meiner det er stor fare for at han kan gjere det igjen.

Foto: Wenche Lamo Hadland / NRK

Det var tidleg på morgonen i januar 2017 mannen tente på ein sofa og ei seng slik at det blei brann i bufellesskapet der han budde. Tre andre som budde i huset, var ute av stand til å ta seg ut sjølve, og kunne dermed lett ha omkome. Mannen er difor dømd etter mordbrannparagrafen.

Akutt livsfare for tre andre

I retten kom det fram at mannen i rein frustrasjon sette fyr på inventar i leilegheita si og deretter forlèt huset. Om lag ein halv time etter at brannalarmen gjekk klarte brannvesenet å få kontroll på brannen. I dommen kjem det fram at alle dei tre han budde saman med var i akutt livsfare og truleg ville ha omkome dersom dei ikkje blei redda ut og brannen sløkt raskt.

Mannen ville ikkje forklare seg i retten, og har ikkje huska mykje når han har forklart seg i politiavhøyr.

Konkluderte med at han var psykotisk

Brannen i januar var ikkje den første mannen starta. Han er også dømd for å ha sett fyr på fleire andre bygningar der han har hatt tilhald dei siste åra.
To rettspsykiatrar sa i retten at dei under tvil var komne til at mannen var psykotisk då han utførte dei fleste av brannane, og dermed ikkje tilrekneleg.

No er han dømd til tvungen psykisk helsevern.

Fryktar det kan skje igjen

Retten slår fast at mannen har svært låg terskel for å starte brannar, og det er stor fare for liknande hendingar igjen.

Mannen har fleire gongar bedt om psykiatrisk behandling, men har vore utskriven etter relativt kort tid.

Mannen har etter retten sitt syn behov for langvarig behandling.