Hopp til innhold

Dømd til fengsel i fire år etter narkotikarazzia

Då politiet ransaka leilegheita til ålesundskvinna i 30-åra fann dei meir enn dei kanskje hadde trudd. Mellom sirleg bretta kle, låg nesten eitt kilo amfetamin.

Norges lover tingrett

Kvinna somna frå pizzaen i omnen, og det førte til full utrykking. Då politiet kom fram fann dei 450 000 kroner hos henne.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Kvinna som no er dømd til fengsel i fire år er ikkje uvand med livet bak fengselsmurane. Ho er domfelt 11 gongar før, fleire gongar for grove narkotikalovbrot.

Kjende sterk narkotikalukt

Denne gongen starta det då politiet ransaka leilegheita hennar i Ålesund hausten 2015. Midt på natta fekk politiet melding om at ein mann trua med å hoppe ut av eit vindauge. Ein av politimennene skildra i retten at han kjende sterk narkotikalukt då han kom inn.

Då dei fann ei sprøyte og amfetaminrestar på badet, bestemte dei seg for å gjennomsøke leiligeheita, og fann då nesten eitt kilo amfetamin mellom sirleg bretta klede på soverommet.

Dei la også merke til ei rekkje nye syklar, og ho blei også dømt for heleri av tre av dei.

I retten vedgjekk kvinna fleire forhold, men forklarte at ikkje alt stoffet som politiet fann var hennar.

Fann 450 000 kroner

I desember 2016 gjekk kvinna heim for å lage pizza, men var så rusa at ho ikkje huskar meir før ambulansepersonell vekte henne. Då hadde den svidde maten ført til full utrykking.

Då politiet kom fram fann dei 455 500 kroner ulike stader i leilegheita, i tillegg til amfetamin, narkotika tablettar og mindre mengder GHB.

I retten forklarte kvinna at ho hadde gøymt pengane for ein annan, og at ho skjønte at det ikkje var lovlege pengar.

Tilstod det meste

Retten meiner det må reagerast strengt på at kvinna har hatt med til saman over 1,3 kilo amfetamin. I dommen heiter det at det er ei betydeleg mengde og eit type narkotisk stoff som er sterkt og vanedannande.

I formidlande retning blir det lagt vekt på at kvinna har tilstått det meste. Det blir også vist til at fleire av forholda er nesten halvanna år gamle.

Aktor fekk gjennomslag for å gje mesteparten av fengselsstraffa på vilkår, mot at kvinna gjennomfører eit narkotikaprogram.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL