Hopp til innhold

Dømd til fengsel i fem og eit halvt år for seksuelle overgrep mot døtrene

Ein mann i 40-åra er dømd til fengsel i fem og eit halvt år for gjentekne seksuelle overgrep mot sine eigne døtre. Mannen må også betale døtrene 150 000 kroner kvar.

Lovbok / Norges lover
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Overgrepa mot døtrene starta i 2007, då den eldste dottera var sju eller åtte år gamal, og skjedde fleire gongar dei neste to åra. Ifølgje dommen vakna dottera ofte om natta, og gjekk inn til faren. Der måtte ho ofte kle av seg, og tilfredsstille far sin. Mora låg i eit anna soverom.

No er mannen dømd til fengsel i fem og eit halvt år, og ifølgje Sunnmørsposten vurderer han å anke saka.

Trua med å nekte tv

Ifølgje dommen kjende jenta seg pressa til å bli på soverommet til faren, sjølv om ho helst ville gå inn igjen til seg sjølv. Ho ønskte seg veldig ein tv på rommet, og dersom ho vegra seg mot å tilfredsstille han, trua han med å nekte å kjøpe henne eit fjernsynsapparat nokon gong.

Hevda han lir av sexomni

Mannen har i retten i hovudsak vedgått at overgrepa mot den eldste dottera har skjedd, men hevdar at han lir av sexomni, som fører til at han gjer seksuelle handlingar i medvitslaus tilstand.

Statsadvokaten karakteriserte i retten denne teorien som "tøv", og mannen fekk heller ikkje støtte frå ein søvnekspert som var henta inn. For retten framstår teorien om sexomni ifølgje dommen "som det halmstrå tiltalte har grepet til for å kunne gi sine handlinger en slags rasjonell forklaring".

Forgreip seg også mot yngstedottera

Overgrepa mot den eldste dottera slutta då ho ikkje lenger gjekk inn til faren om natta. Men også den yngste dottera forklarte i retten at faren ba henne kome opp i senga, og forgreip seg på henne, fleire år seinare, då ho var 11 år gamal.

- Facinert at utviklinga til unge jenter

Ifølgje dommen har mannen forklart for retten at han lenge har vore facinert av den kroppslege utviklinga som jenter går gjennom i 13-14-års-alderen. Då politiet gjekk gjennom to datamaskiner til mannen, fann dei vel 3 000 bilete av barn ned i fem-års-alderen. Det blei også funne fleire videoar.

I dommen heiter det at det er ei rekkje skjerpande moment i saka. Mannen er ein nær omsorgsperson, og har misbrukt tilliten, lojaliteten og avhengigsheitsforholdet til døtrene. Det er også snakk om mange overgrep over lang tid.

Mannen må også betale jentene 150 000 kroner kvar i erstatning.