Hopp til innhold

Dømd for bedrageri

Ein 43 år gammal mann frå Romsdal må seks månader i fengsel for bedrageri. I nesten tre år lét han vere å føre arbeidstimar på meldekort til NAV og fekk difor urettmessig utbetalt over 300 000 kroner. Mannen har allereie betalt tilbake delar av summen, og noko av det er forelda, men innan to veker må han ut med resten – 170 000 kroner.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL