Hopp til innhold

Dokke i kjeledress i vatnet utløyste redningsaksjon

Det vart sett i gong full redningsaksjon etter det ein trudde var ein livlaus person i vatnet. Det viste seg å vere ein kjeledress fylt med tomme brusboksar.

Nerlandsøybrua

Vitner melde om at ein person kunne ligge i vatnet. Det viste seg å vere ein kjeledress med ansikt på.

Foto: Google maps

Det var klokka 18.45 politiet fekk melding om noko som likna på ein person som flaut i vatnet ved Nerlandsøybrua i Herøy kommune på Sunnmøre. Politi, ambulanse og brannvesenet rykte ut. Aksjonen vart avblåst etter kort tid då det viste seg å vere ein kjeledress som var fylt med blant anna tomme brusboksar, ifylgje brannvesenet.

Den var livaktig

– Det var veldig forseggjort og det var printa ut eit bilete som ansikt, fortel brannsjef i Herøy, Jan Rune Våge.

Han forstår at dei som tipsa må ha trudd at det var ein person som låg i vatnet. Herøy brannvesen rykte ut med sju mann. Våge meiner at dette var ein dårleg spøk.

– Ikkje berre skremer det vitet av folk. Det er også kostbart for samfunnet når så mange rykker ut i ein redningsaksjon, seier Våge.

Mista dukka i mørket

Politiet kven som står bak. Personen som eig dukka melde seg i kveld.

– Han fortalde at han vart utfordra på denne Hopp i havet-aksjonen på Facebook, og laga ei dukke som skulle forestille seg sjølv medan han filma, fortel operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt, Kenneth Sætre.

Men stuntet gjekk gale. Det vart mørkt og mannen fann ikkje att dukka. Han rekna med at den hadde forsvunne på havets botn.

– Han angrar og skjøner at det han gjorde ikkje var bra, seier Sætre. Politiet opprettar sak.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL