Hopp til innhold

Her er dødsstrekninga for hjort og vilt

Den nye 90-kilometers fartsstripa på E39 mellom Batnfjordsøra og Krifast er blitt ein stor hjortedrepar.

Høgset

På denne strekninga har det vore ein stor auke av viltpåkøyrslar.

Foto: Randi Stokke

Berre dei siste to månadane har viltnemnda i Gjemnes fått melding om 8–9 hjortar som har blitt påkøyrde på strekninga. Dei fryktar at endå fleire dyr har blitt truffe av bilar, sidan ein del av meldingane går rett til vegsentralen og dermed ikkje vert registrert hos viltnemnda.

Randi Stokke med hundane

Randi Stokke er leiar i viltnemnda i Gjemnes. Ho må ofte ut på ettersøk etter skada vilt med hundane sine.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

– Eg kallar vegen for dødsstrekninga. Vi har fått ei stor auke av påkøyrslar på den nye vegstrekninga, seier Randi Stokke.

Ho er leiar i viltnemnda i Gjemnes og er sterkt uroa over alle påkøyrde dyra som lir. Sidan bilistane ofte ikkje merkar staden der påkøyrselen skjer, er det mange dyr som er umogleg å finne att.

Vil ha nedsett fart

Den rette strekninga mellom Batnfjordsøra og Høgset har ei fartsgrense på 90 kilometer i timen. Stokke meiner det er grunnen til at så mange dyr vert påkøyrt. Det er heller ikkje lett å få auge på hjorten.

No foreslår ho redusert fartsgrense delar av døgnet og ber bilistane bli meir presise når dei melder frå om viltpåkøyrslane.

Påkøyrt rådyr

Her har eit rådyr blitt påkøyrt av ein bil. Viltnemnda måtte avlive dyret.

Foto: Randi Stokke

– Det verkar som om folk mister hovudet når farta aukar. Dei tenkjer ikkje over at det er mykje hjort i området, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL