Hopp til innhold

Død person funnen i Elnesvågen

Ein mann er funnen død i Elnesvågen i Fræna. Politiet opplyser at ingen ting tyder på at det har skjedd noko kriminelt.

Elnesvågen

Det var i Elnesvågen mannen i 20-åta blei funnen fredag ettermiddag.

Foto: Kart / NRK

Likevel etterforskar politiet dødsfallet som «mistenkjeleg dødsfall» rutinemessig fordi dødsårsaka er ukjend.

Den døde personen er send til obduksjon, og resultatet av obduksjonen vil ligge føre til veka ein gong, ifølgje politiet.

Funnet blei gjort ved 17-tida fredag, og eit område i Elnesvågen var sperra av i ein periode. Politiet har avhøyrt fleire personar som var i området, samtidig som dei har gjort tekniske undersøkingar.

Politiet presiserer at etterforskinga blir gjennomført rutinemessig. Den døde personen hadde ingen ytre skadar, og så langt er det heller ikkje noko som tyder på at det er ei ulukke som har skjedd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL