(Illustrasjonsfoto)
Ein kommunal delplan for Hevsdalen på Strandafjellet vart vedtatt i fjor. Den opna for meir enn ei dobling av talet på hyttetomter. Nærare 400 hytter kan byggast, og byggeaktiviteten har no starta for fullt. Ei ny alpestove og eit servicebygg vil stå klart i desember i år.
Meir turisme
Utbygginga skal styrke turismen i kommunen, sier plan og utviklingssjef i Stranda, Steinar Belsby. Han trur eit godt overnattings- og serveringstilbod vil kunne trekkje turistar om sommaren også, sjølv om området i dag er mest populært i skisesongen.