NRK Meny
Normal

– Det skal bli fint til 17.Mai

På Øvre gravlund i Ålesund er folk allereie godt i gang med å pynte. På blomsterbutikken i Ålesund var timane før stenging som 17. mai, jul og nyttår på ein gong.

Marit Leite på Øvre Gravlund i Ålesund
Foto: Jannicke Farstad / NRK

Ho skal pynte på fire graver på Øvre gravlund i Ålesund. Å pynte på gravlunden til 17. mai var viktig for dei som levde før meg og er veldig viktig også for meg, seier Marit Leite.

–Vi kjem tilbake på kvelden 16. mai og set ned buketten med raude, kvite og blå blomster. Det er ei høgtid over dette som er veldig viktig å ta vare på. Litt vemodig, men viktig og høgtideleg. Her er det familien til mannen Thor Buholm som blir pynta, fortel Marit.

Mange vil pynte på Øvre Gravlund i Ålesund
Foto: Jannicke Farstad / NRK

Dei er ikkje aleine på gravlunden. Det er stadig folk som kjem og går med blomster som dei vil pynte med.

– Eg synest folk er flinke til å pynte gravene sine, seier Marit Leite. Berre sjå rundt her, så mange fine graver. Å det er no i dagane framover at mange kjem hit, seier ho.

Alle ordnar til nasjonaldagen

Det blir nok 17. mai om ein ikkje klipper plenen og fyller blomsterkrukkene med blomster. Men det kan virke som veldig mange vil at det skal vere fint til høgtidsdagane. Hos byggevarebutikkane er køane lange, og i butikkhyllene på fleire matbutikkar tomt for kremfløyte. Det skal ordnast både ute og inne

Gå til forsiden

Pynting til 17.mai i Ålesund

Nina Søviknes,

Pynting til 17.mai i Ålesund

11 bilder

    På blomsterbutikken i Ålesund får ikkje Nina Eide tid til å ta lunchpause i dag.

    – Vi sel enormt med blomster no, seier ho. Mange vil ha raude, kvite og blå blomster både på festbordet og på grava til den dei har mista, seier Eide.

    Kva med utanfor huset, er det viktig for folk?

    – Ja veldig viktig. I alle fall visst toget går forbi. Denne dagen er faktisk 17. mai, julaften og nyttårsaftan på eingong for oss. Og spesielt merker vi at folk i sentrum av Ålesund er opptatt av å pynte. Alle vil at det skal vere fint denne dagen. Dette er absolutt den dagen i året vi slår Moa på sal av blomster, seier ho.

    Korpset skal pynte

    Butikkvindua er fulle av norske flagg, men enno så står det igjen litt pynting av byen. Det er Nørvøy ungdomskorps som står pynting av Ålesund sentrum til 17. mai. Det blir gjort klokka 12 16. ma,i seier Christine Hodder som sit i 17. mai komiteen for korpset.

    – Då skal vi mellom anna henge opp bjørk som vi har fått av kommunen. Byen skal bli kjempefin, seier ho.

    Få minutt før butikkane stengde stod folk utanfor blomsterbutikken og var nesten litt fortvila.

    Det var nesten tomt for blomster rett før stengetid hos Mester Grønn i Ålesund
    Foto: Jannicke Farstad / NRK

    – Her er ingen fleire blå kvite og raude bukettar å finne. Sjå, seier Nina. Hyllene våre er heilt tomme. Vi har seld så mykje blomster, du vil ikkje tru det.