Hopp til innhold

Det kan bli slutt på cruisetrafikken i Geiranger

Geiranger bur seg på at det kan kome langt færre cruiseskip inn verdsarvfjorden. Om tre år må alle cruiseskip vere utsleppsfrie. Men slike skip finst det ikkje på fleire år.

Cruiseskip i Geiranger. Snøen ligg framleis i fjella. Skipet AIDAPerla ligg innerst i fjorden.

AIDA Perla er 300 meter langt, har 18 etasjar. Skipet kan frakte 4300 passasjerar og har eit mannskap på 900. Skipet blei sjøsett i april 2016.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Ved cruisekaia i Geiranger er det allereie eit yrande folkeliv. Det er tyskarar, britar og andre folk frå ei rekkje europeiske land. I vårmånaden mai er cruisesesongen i full gang.

På fjorden ligg det store cruiseskipet AIDA Perla. Denne våren går skipet i 10-dagarscruise mellom Hamburg og fjordane på Vestlandet. På det meste kan det vere 4300 passasjerar om bord.

Kva meiner du om cruisetrafikken? Delta i diskusjonen nedst i artikkelen.

Det er i ferd med å spreie seg ei uro i turistbygda. Den yrande aktiviteten kan brått ta slutt om det ikkje skjer noko heilt spesielt.

Hotel Union i Geiranger. Våren er så vidt i gang, og det er mange turistar på vegane og langs fossevandringa som går på sida av Storfossen i elva i Geiranger

I mai er cruisesesongen i full gang. Vandring langs dei smale svingane opp Geiranger-bygda og i trappene som er bygd for fossevandring er ein populær aktivitet for turistane.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK Luftfoto

Draumen

Turistane opplever noko dei har drøymt om lenge. Draumen handlar om å få oppleve frisk, norsk natur. Fjella og fjordane lokkar.

Ekteparet Birgith og Josef Kurth snakkar mest i munnen på kvarandre av begeistring når dei skal skildre opplevingane sine.

– Det er fred og ro i naturen, seier Birgith.

Og før ho er ferdig med setninga bryt Josef inn medan han kastar blikket opp på dei snødekte fjella: – Og fjella.

Birgith er også ivrig og forklarar at ho aldri har opplevd noko liknande.

– Dette er heilt uvanleg for oss, det er heilt nye inntrykk, seier Birgith.

Ektemannen er heilt samd.

– For oss er dette heilt nytt.

Dei er passasjerar på eit moderne cruiseskip. Men opp av skorsteinen stig røyken frå forbrenningsmotorane. Ikkje før i 2035 kjem det eit tilsvarande skip som er fullstendig utsleppsfritt.

Josef og Birgith kurth i Geiranger. Dei står på kaia og bak dei ligg cruiseskipet Aida Perla.

Josef og Birgith Kurt har vore med skipet frå Hamburg. Dei storkosar seg i Geiranger og seier dei opplever noko dei aldri har sett før.

Foto: Remi Sagen / NRK

Brå slutt

Timeglaset er i ferd med å renne ut. Om tre år er det slutt. Då får ikkje skip som går på fossilt drivstoff gå inn i verdsarvfjordane på Vestlandet.

Les også Vil stenge forurensende cruiseskip ute fra norske verdensarvfjorder

Geirangerfjorden

Det er berre eitt problem. Store utsleppsfrie cruiseskip finst ikkje. Og frykta er at dei ikkje skal finnast om tre år heller.

– Dette er vanskeleg. Vi kjem til å få nokre år med stor, stor nedgang. Det blir ingen trafikk med store skip, seier hamnesjef i Geiranger, Rita Berstad Maraak.

Rita Berstad Maraak står på kaia i Geiranger med cruiseskip og turistar i bakgrunnen.

Uroa: Rita Berstad Maraak er hamnesjef i Geiranger. Ho fryktar det blir ein brå nedgang i trafikken når skipa ikkje lenger får bruke fossilt drivstoff frå 2026.

Foto: Remi Sagen / Remi Sagen

Første utsleppsfrie cruiseskip i 2035

Sjølv om både Hurtigruten og Havila Kystruten har skip som kan gå strekningar med straum frå batteri vil det ta lang tid før eit stort cruiseskip kan vere heilt utsleppsfritt.

– Cruise-reiarlaga er opptekne av å gjere næringa miljøvenleg. Men teknologien er ikkje klar og næringa treng tid, seier Inge Tangerås i Cruise Norway.

Ifølgje Tangerås har Royal Caribbean Cruise Line ein plan om å få eit utsleppsfritt skip i drift i 2035.

– Dette blir eit netto nullutslepp-skip. Absolutt utsleppsfrie cruiseskip av denne storleik ligg endå lenger fram i tid, seier Tangerås.

Han trur cruisetrafikken i stor grad blir flytta ut av verdsarvfjordane og til andre hamner.

– Det finst hamner som ikkje er ein del av verdsarven, og både passasjerar og utsleppsproblematikk blir flytta dit.

Bestillinga av anløp for 2026 startar allereie no. Dermed er utsleppskrava allereie ein realitet for hamnene i verdsarvfjordane påpeikar Tangerås.

Inge Tangerås er daglig leder for interesseorganisasjonen Cruise Norway

Inge Tangerås er dagleg leiar i Cruise Norway.

Foto: Kai Rune Kvitstein / NRK

Elektrisitet og hydrogen

Det er tre hovudalternativ for å skaffe utsleppsfritt drivstoff til skip. Det er elektrisitet og gassen hydrogen.

Men i Geiranger er det i dag ikkje nok straum til å kunne etablere ladeløysingar for store skip. Her går det føre seg eit arbeid for å kunne hente straum frå Framruste kraftverk i Skjåk.

I nabobygda Hellesylt er det også eit arbeid på gang for å produsere hydrogen.

Det tredje alternativet er at cruiseskipa går til andre hamner og eventuelt fraktar passasjerar til verdsarvområda i bussar og mindre, utsleppsfrie båtar.

Rekordmange turistar

Men turistane strøymer på. Og det kan gå mot ein rekord i 2023. Svak norsk krone kjem gjer det ekstra interessant for turistane å besøke landet med fjell og fjordar. Sven Kiel seier det er dyrt i Noreg, men han har også merka seg at det er blitt billegare å reise til Noreg. Men det er andre ting som har gjort sterkast inntrykk.

– Det er folka. Eg har berre møtt venlege folk. Men aller viktigast er naturen. No skal eg leige ein liten, grøn utsleppsfri bil og køyre opp i fjella og nyte utsikta, seier han fornøgd.

Kva meiner du om cruisetrafikken? Under her kan du seie meininga di.

Sven Kiel på kaia i Geiranger. Han er turist.

Sven Kiel er turist i Geiranger. Han likar folka han har møtt og ikkje minst naturen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Les også Her kan det bli bråstopp i cruisetrafikken

Geiranger