Hopp til innhold

Det er venta full storm i helga

Det er meir ruskevêr i vente. Det er meldt store nedbørsmengder natt til laurdag og på laurdag formiddag kan det bli full storm på kysten.

Uværet "Ivar"

I helga er det meldt regn og vind. Det kan bli full storm laurdag formiddag.

Foto: Ina-Kristin Lindin / NRK

Fredag har det regna nesten utan stans og også natt til laurdag er det venta store nedbørsmengder. Det er sendt ut obs-varsel for Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag. Lokalt kan det kome 60–80 mm nedbør frå fredag til laurdag.

Laurdag skal også vinden herje. Vinden dreiar seg etter kvart meir mot nordvest og nord og då går nedbøren over til byer.

– Tidleg laurdag er det venta aukande vind på kysten, opp i ein liten storm. Kortvarig kan det kome opp i full storm, seier meteorolog Steinar Skare ved Vervarslinga for Vestlandet.

Det er venta regn og haglbyer og etter kvart også snøbyer over 200–400 meter. Det kan bli vanskelege køyreforhold på fjellovergangane på grunn av kraftig vind og overgang til snø og snøfokk.

Søndag minkar vinden til liten kuling og på kvelden heilt ned til bris. Også då kjem det sludd- og regnbyer frå havet.

Helgeværet i Møre og Romsdal

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL