Hopp til innhold

Det aukar på i Mannen

Det rasfarlege partiet i Mannen i Romsdalen har røyvd seg like mykje på eit døgn som på ei veke.

Mannen i Romsdalen

Siste rapport viser rørsler i det øvste området på 12,7 mm pr. døgn.

Foto: Ivar Eidheim / NRK

Rørslene i det øvste området av det ustabile fjellpartiet har auka gjennom veka. Og ifølge laurdagsrapporten frå NVE var rørslene det siste døgnet oppe i 12,7 mm pr. døgn i det øvste området. Dette er opp mot det som var på ei heil veke, veka før.

Rørslene det siste døgnet er høgare enn døgna før. Då har det vore 11,6 - 4,4 og 2,2 mm i døgnet.

I heile førre veke var rørslene i det øvste området på 13 mm. Denne veka er det oppe i 32,7.

Farenivået er gult, noko som betyr at det er moderat fare for fjellskred.

I august kom det varsel om raudt farenivå, men situasjonen roa seg.