NRK Meny
Normal

Desse dokkene fekk henne til å snu i døra

Siril-Elisabeth Haaland Thorsen (36) fekk sjokk då ho leitte etter ei bukse til den seks år gamle jenta si. For utstillingsdokkene i barnebutikken var kledd i ein gjennomsiktig singlet, og med tydelege bryst under. Jentemora meiner klekjeda Wow på denne måten skaper kroppspress.

Utstillingsvindu

Det var desse utstillingsdokkene som fekk Siril-Elisabeth Haaland Thorsen til å reagere. Ho meiner dei framstår som små vaksne, og like godt kunne vore undertøysmodellar.

Foto: privat

Trebarnsmora blei så provosert at ho miste lysta til å handle, då ho fekk auge på tre halvstore utstillingsdokker med gjennomsiktige singletar og tydelege bryst under.

Siril-Elisabeth Haaland Thorsen

Siril-Elisabeth Haaland Thorsen (36) likar dårleg utstillingsdokker for born som viser tydlege bryst.

Foto: privat

Brysta sto som eit blikkfang med brystvorter rett ut. Eg lurer på kva for signal butikkjeda ønskjer å sende ut til barn, seier Siril-Elisabeth Haaland Thorsen oppgitt.

Fryktar ungane ikkje trur dei er gode nok

Utstillingsvindu hos Wow i Ålesund

Her i døra til butikken snudde trebarnsmora Siril-Elisabeth Haaland Thorsen.

Foto: Synnøve Hole

Sist torsdag var ho på kjøpesenteret Moa Amfi i Ålesund. Butikken Wow har ho handla i mange gongar før, og skryt av gode kvalitetar og fine jentekle. Men utstillingsdokkene med velutvikla bryst og sminka auge har ho lite til overs for.

Ungane veks opp og trur dei må kjempe for å sjå betre ut enn dei gjer, at du ikkje er god nok som du er. Då hjelper det ikkje at ei kleskjede for born stiller ut jenter som er akkurat like høge som dei, og så fokuserer på kroppen og ikkje på det å vise fram kleda, seier ho.

– Må bruke ein time for å gå til naboen

Siril-Elisabeth Haaland Thorsen er lærar og er mor til to jenter på seks og 14 og ein 10 år gamal gut. Ho seier at ho generelt er lei av kroppsfokuset i samfunnet, og spesielt er uroa over kva for inntrykk det gjer på borna.

– Eg er veldig lei av at alt skal handle om kropp og utsjånad, det gjeld oss vaksne også. Du må jo nesten bruke ein time på å kle på deg for å matche dei andre, om du skal besøkje naboen. Ungane må i alle fall få sleppe dette, seier ho.

Fjernar utstillinga no

Utstillingsdukker på Moa

Etter reaksjonen frå trebarnsmora frå Herøy har dokkene fått svarte jakker over singletane. No blir utstillinga fjerna i alle butikkar i landet.

Foto: Synnøve Hole

Butikkjeda Wow marknadsfører seg som ei kjede med kle for jenter mellom sju og 14 år. Måndag spurte NRK Varner-Gruppen, som eig Wow, om dette er ein heldig måte å reklamere overfor jenter på, og om dei forstår reaksjonane. Driftsdirektør Camilla Høymer Steen hos Wow svarer ikkje på det, men skriv mellom anna dette i ein epost:

– Når det gjeld utstillingsdokka har vi valt eit uttrykk som gjenspeglar det øvre alderssjiktet i gruppa. Under salet har dukka ganske rett fått eit lett antrekk og vi beklagar at dette har fått ein trufast kunde til å reagere. Vi endrar dette i alle butikkar i morgon.

Butikksjefen i Ålesund har fått med seg reaksjonen frå trebarnsmora, og vil ikkje la seg intervjue av NRK. Men allereie måndag hadde utstillingsdokkene fått svarte, langarma jakker over singletane.

  • Kva syns du? Let du deg provosere av slike utstillingsdukker i barnebutikkar? Ver med i diskusjonen under artikkelen!

Støtte frå andre foreldre

Det er fleire som har fått med seg reaksjonen til trebarnsmora. Etter besøket på Moa blei ho så provosert at ho skreiv eit innlegg på kjeda sine facebooksider. Her gir ho klart uttrykk for at ho mislikar sterkt utstillingsdokkene og påkledninga i butikken på Moa. Ei rekkje andre foreldre har kommentert og likt innlegget.

– Det er flott at fleire ikkje syns dette er ok, det viser at vi må seie frå, elles veks vi opp i ei verd der utsjånad og kropp er det einaste som tel, seier ho.