Departementet om klagen:

Kunnskapsdepartementet har i dag behandla klagen frå Audhild Gregoriusdotter Rotevatn etter at ho blei avsett som dekan ved avdelinga for mediefag i august. I svaret sitt har departementet gjeve Rotevatn medhald i at ho har klagerett. Departementet oppmodar styret ved Høgskulen i Volda om å behandle klagen så raskt som mogleg, skriv nettstaden Medier 24. Rektor ved Høgskulen, Johan Roppen, stadfester at høgskulen har motteke brevet frå departementet. Han ønskjer, ifølgje Medier 24, ikkje å kommentere saka før i morgon.

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn
Foto: Remi Sagen / NRK