Hopp til innhold

Denne huska har blitt ein instagramsensasjon

Ei trehuske lokkar turistar frå heile verda til den vesle bygda Trandal på Sunnmøre. Målet er å gjenskape bildet dei har sett i sosiale medium.

Huske på Trandal

Det var etter at fotograf Michaela Potterbaum la ut dette bildet frå Trandal på Instagram at interessa auka.

Foto: Michaela Potterbaum

Mellom storslåtte fjell i Hjørundfjorden, ligg den veglause bygda Trandal. Reisande som kjem hit har enten tatt seg over fjellet til fots eller kome med båt inn fjorden.

For stadig fleire av dei er målet eit tre frå 1800-talet og ei huske som har fått internasjonal merksemd. Daniel Storeide eig serveringsstaden Christian Gaard på Trandal, der huska heng. For han var det ikkje opplagt at den gamle leika skulle bli viktig i marknadsføringa av garden.

– Det var onkelen og bestefaren min som sette den opp på 60-talet slik at dei yngste søskena kunne leike med den, fortel han.

Daniel Storeide og Ivonne Kroken Ekremsæter

Huska ved Christian Gaard på Trandal har blitt ein turistattraksjon, fortel Daniel Storeide og Ivonne Kroken Ekremsæter, som driv serveringsstaden.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Spreidd over heile verda

Då den amerikanske fotografen Michaela Potterbaum besøkte Trandal for fem år sidan, let ho seg fascinere av huska med den spektakulære utsikta. Ho la ut bildet ut på Instagram – og responsen let ikkje vente på seg.

På kort tid blei bildet delt hundrevis av gonger på ulike Instagram-kontoar. Ein rekke nettsider, mellom anna det australske reisemagasinet Luxury Escapes, Viva Lifestyle and Travel og Getaway har i ettertid beskrive huska som ei av verdas vakraste.

– Bildet har hatt stor innverknad på fotokarrieren og gitt meg jobbmoglegheiter eg berre kunne drøymt om. Eg fekk e-postar frå heile verda, der folk spurte kvar dei kunne finne huska, eller om dei kunne bruke bildet på nettsider eller i bøker. Det blei også plukka opp av Lonely Planet, som eg har fått jobbe for i etterkant, seier Potterbaum til NRK.

Kjem frå heile verda

Huska på Trandal

Huska på Trandal har blitt eit populært fotomotiv på blant anna Instagram.

Foto: Skjermbilde Instagram

Dermed var det gjort. Huska har blitt ein attraksjon, fortel Storeide.

– I fjor kom det fire stykke eins ærend frå Israel for å ta bilde. Det er veldig spesielt. Folk har sett bilde av staden og vil sjå korleis vi har det her.

Også denne dagen er det turistar som har tatt turen til Trandal for å prøve huska. Familien frå Holland er på noregsferie og fann motivet på nettet.

– Dottera mi hadde sett bildet og ønskte å kome hit for å ta bilde, seier Jacqueline Knudson, begeistra.

Dottera Fréline har funne fram fotoutstyret, og dei to er samstemte i lovprisingane.

– Det er veldig kult. Det er nesten som du flyg over fjorden.

Turistar på Trandal

Faren til hollandske Fréline Gaasbeek tek bilde av ho på huska.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Ein mann frå Tyskland har også tatovert huska på armen.

Viktig for reiselivet

For mange turistar er det utvilsamt viktig at reisemålet tar seg godt ut dei sosiale medium. I fjor rangerte reisebyrået TravelBird Norges og verdas mest populære instagramattraksjonar, basert emneknaggar frå bildedelingstenesta. På lista er det kjende landemerke som Bryggen i Bergen, Preikestolen og Geirangerfjorden. For reiselivsnæringa er det gull verd.

Tom Anker Skrede

Tom Anker Skrede fortel at sosiale medium har blitt enno viktigare i marknadsføringa av reisemål.

Foto: DESTINASJON ÅLESUND & SUNNMØRE

– Mange vil gjerne vise fram kvar dei har vore og opplevingane dei har hatt, seier Tom Anker Skrede, reiselivssjef i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre

For dei betyr det at kampanjar med fokus på spesielle landemerke får ein annan type respons enn før.

– Vi ser at nokre tek direkte kontakt for å spørje kvar dei kan finne desse plassane og korleis dei kan kome seg dit, seier Skrede.

Merete Habberstad

Merete Habberstad seier at sosiale medium speler ein stadig større del i val av reisemål.

Foto: NHO Reiseliv

Også NHO Reiseliv merkar at marknadsføring i sosiale medium er viktig.

– Det har kanskje blitt det viktigaste verktøyet for reisande, både i planleggingsfasen og for å dele opplevingar undervegs, seier kommunikasjonsdirektør Merete Habberstad.

Sosiale medium gjer det mogleg å skreddarsy marknadsføringa og gi eit nært innblikk i korleis det er å vere på dei ulike reisemåla. Samtidig får ein gratis reklame når dei reisande sjølv deler bilde, fortel Habberstad.

– Ein ting er det innhaldet som dei kommersielle aktørane deler. Men like viktig er det vener eller andre reisande deler, som kanskje har ein enda sterkare effekt.

– Marknadsføringa gjer seg sjølv

På Trandal kan dei skrive under på at sosiale medium har vore viktig for at reisande skal oppdage dei.

Daniel Storeide og Ivonne Kroken Ekremsæter

Daniel Storeide og Ivonne Kroken Ekremsæter får besøkande frå heile verda til Trandal. – Mange ønsker å sjå korleis vi har det her, seier Ekremsæter.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Når mange tek fine bilde og deler dei, så får andre lyst til å kome hit for å sjå. Så det har utruleg mykje å seie. Det er nesten slik at marknadsføringa gjer seg sjølv, fortel Daniel Storeide og Ivonne Kroken Ekremsæter.

Turistane frå Nederland har ikkje vanskar med å forstå kvifor folk reiser langvegsfrå for å oppleve utsikta frå huska.

– Det er eit veldig bra Instagram-motiv, seier Fréline Gaasbeek.

NRK-serien «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu» lagde også ei episode frå Christian Gaard i 2017.