Frank Storeide

KLART MÅL: Frank Storeide bygde Christian Gaard i veglause Trandal nett slik han ønskte det og ville ha det.

Foto: Knut Arne Aarset / Knut Arne Aarset

Eit livsverk på augemål

TRANDAL (NRK): Frank Storeide bygde sitt veglause livsverk etter åndsverklova og ikkje bygningslova.

Kva får ein verdsvand levemann til å ville vende nasa vekk frå den store verda og heim til ein stad der ingen skulle tru at nokon som helst kunne bu? Det spørsmålet stilte også folket langs Hjørundfjorden på Sunnmøre den dagen på 80-talet Frank Storeide kom heim frå Shanghai. At det er langt frå bargatene i nokre av verdas største byar til veglause Trandal er heva over einkvar tvil. Men Frank hadde ein plan.

For å forstå planen må vi skru tida tilbake til 70-talet i Norge. Her i landet var det den smektande popmusikken sine gyldne år. To musikkelskande tvillingbrør frå veglause Trandal med bølgande svart hår og intense auge sang og spelte så ikkje eit sete var tørt. Ein platekontrakt med Ivar Medaas og spelejobbar med Dizzie Tunes skulle vere vegen til stjernestatus. «Pappa valgte sjøen som sitt yrke» blei deira største hitlåt.

Men vegen til dei musikalske stjernene blei kort og kronglete for dei to unge brørne. Dei fekk begge smaken på eit liv fylt av piker, sang og ein god del vin.

– Det høyrer med, ikkje minst til ungdommen sine behov. Eg har hatt mange skjønne kvinner på mitt kne, fortalde Frank til Båtmagasinet i 2007.

Frank Storeide

STEMTE MED: På Trandal var Frank Storeide både sheriffen og cowboyen. Kvart år, også etter han døydde, er det countryfestival i den veglause bygda.

Foto: Knut Arne Aarset / Knut Arne Aarset

Bytta plass i fengselet

Opplevingane var mange og bak kvar sving dukka det opp nye hindringar som dei stort sett hoppa bukk over. Slik som den gongen på 70-talet Frank måtte inn og sone for påstått fyllekøyring i Sverige, men gjerne ville ha fri frå fengselet. Tvillingbroren Jan blei redninga.

– Frank hadde fått ny bil og skulle vise den fram. Han sette seg bak rattet utan å køyre fordi han hadde drukke, men då kom politiet. 21 dagar i fengselet fekk han, og då han var inne til soning, drog eg på besøk. Då bytte vi klede slik at Frank skulle få ei veke fri, fortalde Jan til lokalavisa "Nytt i uka".

Nokon tipsa pressa om det hysteriske fengselsstuntet og VG laga oppslag om "Tvillingene som lurte fengselet":

«Tvillingbrødrene er svært like. De har samme blå øyefarge og kjemmer håret på samme måte, de er Ilke høye, de har same bevegelser, snakker og ler på samme måte. Er de sammen, kan man skille dem fra hverandre, men er de hver for seg, er det praktisk talt umulig. Derfor lyktes det dem å bløffe alle.», skreiv VG-reporter Stefan Mehr.

Faksimile VG 1976

Faksimile frå VG 1976

Foto: VG

Men det stoppa ikkje der for tvillingane Frank og Jan. For dei var fast bestemt på at livet skulle levast til det fulle. Verda var deira leikegrind, uansett om det førte dei til dårleg betalte trubadurjobbar eller jobb som heisvakt i New York. Dei var umettelege på opplevingar og opplevde meir på få år enn eit menneske opplever gjennom eit heilt liv. Men ein dag bestemte Frank seg for at nok var nok. Han ville heim til veglause Trandal, blakk som ei kirkerotte, men med ein plan som var så vill at han knapt sa det til nokon.

– Pengane låg att i rennesteinane i Shanghai. Eg hadde prøvd å få med meg alt i livet, men innsåg heldigvis i tide at det ikkje var mogleg, sa han til Båtmagasinet i 2007.

Christian Gaard i Trandal

IDYLLISK: Christian Gaard ligg veglaust til mellom fjord og fjell i Trandal i Hjørundfjorden på Sunnmøre.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

For om Frank ikkje hadde pengar, så hadde han tonnevis med pågangsmot og livsglede som han ville realisere på sin heilt spesielle måte. I bygda med seks-sju innbyggjarar ville han byggje pub på den gamle slektsgarden. Problemet var berre at han risikerte å bli den einaste både framfor og bak baren. Men slike avgrensingar såg aldri Frank Storeide.

– Han ringde først til eitt bryggeri, men dei berre lo. Så ringde han til eit anna. Etter ei stund så sa dei at dette var så gale at dette måtte dei berre bli med på. Dei stilte med kjøleskap og tappetårn, Frank måtte skaffe kundane.

Det fortel den lokale gründeren og nære venen, Hallgeir Skorpen. Han og kona Signhild likte dei ville ideane til Frank. Dei likte at nokon tok sjansen på å berre gjere det ein ville, sjølv om sjansen for at det skulle ende med eit mageplask i fjorden var stor.

Men levemannen frå Trandal sette i gang med prosjektet sitt. Med handemakt og sterke nevar bygde han om garden til ein kråkeslottversjon av Soria Moria. I løpet av kort tid forvandla han tunet til eit selskapsområde og ei skjenkestove med rom for mykje og ikkje minst; hjarterom for mange. Håpet til Frank Storeide var at folk som fann vegen til Hjørundfjorden og Trandal skulle gjere strandhogg slik vikingane gjorde. Og mjød og mat skulle dei få.

Samstundes som han starta bygging av landets minst tilgjengelege pub vakna politikarar og byråkratar i Ørsta kommune. Bygdekjendisen Frank Storeide hadde i grunn sett i gang bygginga av Christian Gaard utan særleg forankring i byggjelov og forskrifter. Slikt hadde han verken tid eller lyst til å tenke på. Byråkratar hadde Frank Storeide mildt sagt ikkje særleg sans for. Dei stod i grunn berre i vegen for draumane hans.

Men i staden for å krangle, anke og dra inn Fylkesmannen gjorde Frank Storeide det enklare. Han bygde berre det han hadde lyst til. Stort sett etter sin eigen fantasi og visjon om korleis det skulle vere.

Då politikarane kom på synfaring for å sjå kva han dreiv på med tok han godt imot dei, og svarte velvillig på spørsmåla dei hadde. Ein av dei nysgjerrige var mangeårig Ap-politikar i Ørsta kommune, Jostein O. Mo.

– Eg spurte han kva slags reguleringsformål som gjelder for Trandal. Nei, dette er eit såkalla RL-område, sa han.

– Kva det betyr då? undra eg.

– Nei, det betyr område for rus og lauslivnad! svara han.

– Det er eit reguleringsformål som berre gjeld på Trandal. Men han var heilt tydeleg på at det var gjennomtenkt. Eg tykte svaret var godt, seier Mo til NRK no, mange år etter at Frank Storeide gjorde draumen sin til verkelegheit.

Frank Storeide i Trandal

JUBLA FOR SKJENKELØYVE: I 2004 måtte Frank Storeide kjempe for å ha behalde skjenkeløyvet på Christian Gaard. Då politikarane i Ørsta likevel sa ja, feira han det med ein gitarsolo.

Foto: Tor Sivertstøl / NRK

Gjestene kom for å sjå Frank

Og nettopp slik var det Frank Storeide kunne gå frå skanse til skanse med ideane og draumane sine, og slik var det han etter mykje om og men opna sin eigen pub og restaurant i veglause Trandal. Dei første åra var det Frank og historieforteljinga dei kom for, ikkje minst båtfolket som raskt oppdaga staden. Frank særeigne utedoar med eiga skjenkeluke og han bygde eit miljø ingen hadde sett maken til. Folk valfarta til staden, mest for å sjå Frank.

Venen Hallgeir Skorpen fortel om den dagen då ei kvinne, som også blei stamgjest, kom med eit bilete til den veglause puben.

– Ho fekk laga eit bilete av ein pingvin som for flygande oppe i lufta saman med dei andre fuglane. Under står teksten; Dei sa det ikkje var mogleg. Det skal ikkje vere mogleg for ein pingvin å flyge, men det skal heller ikkje gå an å starte pub i ei bygd med seks-sju innbyggjarar utan veg.

Frank Storeide

DAMETEKKE: Frank Storeide la til rette for at alle skulle trivast då dei kom som gjester.

Foto: Knut Arne Aarset / Knut Arne Aarset
Reise VG

SKJENK PÅ DO: Frank Storeide var godt nøgd med at han laga hol i veggen inn til toalettet slik at folk ikkje trengde å sitje tørste.

Foto: Dag Fonbæk

Åra gjekk og gjestene kom til Frank og puben hans på Christian Gaard. Ørsta kommune gav til slutt opp å krangle med han og godtok stilleteiande at åndsverkslova står over bygningslova i veglause Trandal. Frank fylte etterkvart garden med gode vener, gjester og ikkje minst musikalske kameratar frå fjern og nær. Ein av dei var Arnie «Skiffle Joe» Norse, mest kjend for griseviser og musikalske framføringar på eitt-hjuls-sykkelen på vertshus i hovudstaden. Arnie kom sjølv frå Trandal opphaveleg, og elska heimstaden så mykje at han skreiv ei vakker vise til bygda som stadig blir framført.

I midten av ingenting klarte Frank Storeide å nå draumen sin om å skape noko heilt spesielt i ville, vakre og veglause Trandal. Alle turane rundt i verda, alle opplevingane og all den positive galskapen blei samla i eit hus fylt av eit levesett og ei sjel ein sjeldan eller aldri hadde sett på Sunnmøre før. Etter mange år på vegen var Frank Storeide no på toppen av karrieren. Han hadde skapt noko folk reiste langt for å oppleve og her skulle han nyte livet saman med alle folka han likte så godt.

Men slik blei det ikkje. Han som hadde overlevd rennesteinane i Shanghai blei råka av uboteleg kreft og 27. februar 2010 takka Frank for seg i denne verda. Kva ville no skje med det høgst originale livsverket i den veglause fjordbygda? Ville nokon overta og føre eventyret vidare?

Daniel og Ivonne Storeide på Trandal

FØRER SLEKTA VIDARE: Daniel Storeide saman med sambuaren Ivonne og vesleguten. Snart kjem det eit barn til på tunet.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Arven etter far

– Eg følte vel at vi ikkje hadde noko val og vi ville jo bu her.

Daniel Storeide ser ut over Hjørundfjorden og smiler. Denne dagen skin sola over Sunnmørsalpane og livet er godt. Sambuar Ivonne sit på den høgthengande dissa som dei kallar reia og svingar seg i takt med vinden med den vesle sonen trygt på fanget. Om kort tid har ho termin og då blir tre til fire på tunet på Christian Gaard.

Sju år har gått sidan far Frank døydde, og for nokre få år sidan døydde også mor til Daniel. Tidlegare i år døydde også Frank sin tvillingbror Jan, etter å ha returnert til Sunnmøre frå eit liv i Thailand. Daniel fortel at det å vekse opp i Trandal med ein far som var kjendis på sin spesielle måte var både godt og gale.

– Far var ein veldig snill mann. Han kalla seg sjølv ein original og det stemmer jo ganske bra. Eg blei jo ofte flau over ting han gjorde og ting han sa. Han hadde nokre vanvittige idear syntest vi då. Men i ettertid har vi jo sett at dei ikkje var så vanvittige likevel. Det var jo mogleg å realisere, fortel Daniel og blir litt blank i augekroken.

I dag er det han og sambuaren Ivonne som driv puben, restauranten og overnattingsromma på Christian Gaard. Med god hjelp frå søstera til Daniel, Lenita. Mange frykta at den heilt unike staden skulle blir lagt ned og forsvinne frå kartet når Frank døydde. Men lagnaden ville ikkje det slik. Daniel og Lenita bestemte seg at dei ikkje skulle gje opp. Takka vere faren sin elleville draum om ein pub i ei veglaus bygd driv dei no vidare for framtida.

– Vi driv staden på mange måtar slik han gjorde det. Men før så kom jo gjestene for å sjå og oppleve far fordi han var slik han var. No kjem nok folk meir på grunn av atmosfæren vi har klart å skape her ute.

Lenita og Daniel Storeide

SØSKEN TIL FJELLS: Lenita og Daniel Storeide var bestemte på å ta opp arven etter faren og mora då dei fall ifrå. Fjella i Trandal er deira leikegrind.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Alle får si oppleving

I sommarsesongen strøymer folk til Trandal. Anten dei har gått på ski over fjellet frå Sykkylven, eller som dei fleste; med båt til ein av dei to musikkfestivalane som har fått si scene i bygda. Seinast sist sommar blei det sett ny gjesterekord i Trandal med over 1500 besøkande under konserten med Blues Brothers. Også countryfolket får sitt, med eigen festival. Det var også ein draum Frank Storeide hadde, men som han aldri fekk oppleve sjølv.

Alle NRK snakkar med fortel om eit miljø og ein familie som er heilt unike. Dei fortel om Frank Storeide med sine utrulege idear og planar, og dei fortel om arvingane som tek med seg den spesielle atmosfæren inn i framtida.

– Det dei gjer er viktig for livet i fjorden. Det var mange som hadde angst for at Christian Gaard skulle bli lagt ned når både faren og mora døydde. Men Daniel er ein som set si ære i å drive vidare livsverket han arva etter faren. Han rotar det ikkje vekk, då kjempar han for å berge det, seier den nære familievenen Hallgeir Skorpen.

På terrassen på Christian Gaard sit gjestene godt og dei blir stadig fleire, til trass for at det kanskje er landets mest utrulege skjenkestad og restaurant. Daniel Storeide blir ettertenksam når vi spør han kva han trur foreldra ville tenkt om dei kunne sjå det som no skjer, med mange gjester – og med snart to småungar på gardstunet.

– Eg håpar og trur at dei hadde vore stolte. Det er jo ikkje sikkert at dei hadde sett føre seg at det hadde blitt slik, smiler Daniel.