Hopp til innhold

–Eg valde kristen konfirmasjon fordi mamma sa det

Det nærmar seg tida då mødrer kaver seg opp og baker kaker så kremfløyten skvett. Spente 15-åringar gler seg til å få fulle bankkontoar. Det er tid for konfirmasjon. Medan det i Oslo er fire av ti som vel kristen konfirmasjon, er det fleirtalet i bibelbeltet på Møre som vil i kyrkja.

Konfirmasjon

65 prosent av alle 15-åringar vel å konfirmere seg i statskyrkja. I Møre bispedøme ligg talet på 84 prosent.

Foto: privat

Konfirmant

Åshild og dottera Sandra Slinning Hasselø gler seg til konfirmasjonen i mai.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Like sikkert som fuglesong og krokusar står også konfirmasjonane for tur om våren. Mykje skal førebuast og i ein serie frå NRK skal du få lære meir om den perfekte konfirmasjonsgarderoba, korleis halde tale og kva gåver tenåringane set pris på denne veka.

Konfirmasjon er opphavleg eit overgangsritual, og før måtte konfirmanten svare ja på at dei trudde på Gud. Slik er det ikkje i dag, men dei tenåringane som vel å konfirmere seg i statskyrkja skal delta på 60 timar med undervisning, sosiale aktivitetar og åtte gudstenester før den store dagen er komen.

Mamma ville i kyrkja

Sandra Slinning Hasselø (14) frå Ålesund skal konfirmerast i mai og var ikkje i tvil om kva konfirmasjon ho ynskte.

– Eg valde eigentleg kristeleg konfirmasjon fordi mamma sa det. Men det er jo koseleg å vere i kyrkja på denne dagen, seier Hasselø.

I 2011 vart nær 42.600 konfirmert i Den norske kyrkja og det utgjer 65 prosent av alle 15-åringar. Det er derimot store skilnader i dei ulike bispedøma. Lågast del av kristelege konfirmantar finn ein i Oslo. Der er det berre 40 prosent av 15-åringane som vel kyrkjekonfirmasjon. I Møre bispedøme ligg talet på 84 prosent. Rundt 10.000 tenåringar i Noreg vel kvart år å konfirmere seg humanistisk. I tillegg er det konfirmantar som vel andre kyrkjesamfunn.

Få kverulerer

Tormod Sikkeland

Tormod Sikkeland er sokneprest i Kristiansund. Han opplever at konfirmantane er interessert i å lære meir om den kristne trua.

Foto: Runar Tafjord / NRK

Sokneprest Tormod Sikkeland i Kristiansund trur mange vel kristen konfirmasjon fordi dei sjølv vil det og vil lære meir om den kristne trua.

– Vi opplever nesten aldri lenger at ungdomar har blitt så pressa inn i det at dei berre er negative og kverulerer. Slik kunne det vere før, seier soknepresten.

Bruda måtte vere konfirmert

Tidlegare var konfirmasjonen i Noreg ein føresetnad for å kunne gifte seg, men også for å få arbeid. Dei som vel ikkje-religiøs konfirmasjon må også gjennomføre eit kurs. Det er på ca 20 timar. Seremonien går føre seg ofte på eit kulturhus eller rådhus.

– Målet med konfirmasjonen er at ungdomane skal tenkje sjølv og lære seg å stille spørsmål ved sine eigne liv, seier Martin Gustafson. Han er leiar ved

Martin Gustafsson

Målet med humanetisk konfirmasjon er å få ungdomane til å tenkje sjølv, seier Martin Gustafsson.

Foto: Maria Kristina Vevang / NRK

Human-Etisk forbund i Ålesund.

Har kontroll

Sandra og mamma Åshild Slinning er i gong med førebuingane til konfirmasjonen, men veit ganske godt kva dei går til. Storesyster Stine konfirmerte seg i fjor, og no har dei ei heil liste der alt står skreve.

– Du føler jo litt stress før konfirmasjonen og er redd for at ikkje alt skal gå etter planen. Fedrar forstår ikkje heilt det, ler Åshild.

Både ho og Sandra meiner dei har kontroll og gler seg til den store dagen.