Hopp til innhold

Politiet har frigjeve navnet til den påkøyrde russen

Politiet ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt stadfestar i ei pressemelding at russen som blei påkøyrd ved Retiro i Molde natt til 14. mai døde på St. Olavs Hospital tysdag.

Russ død minnestund molde domkirke

Her i Molde domkyrkje er det arrangert ein minnestund frå kl. 19.00 tysdag kveld.

Foto: Roar Strøm / NRK

Ifølge politiet er Molde domkyrkje open frå kl. 19.00 til 22.00, for dei som ønskjer å samlast og minnes den avdøde.

Klokka 21.24 opplyser Nordmøre og Romsdal politidistrikt at det var 18 år gamle Torstein Klerud Johannessen som blei påkøyrd ved Retiro i Molde natt til 14. mai.

Ivar Rød rektor romsdal videregående

Rektor Ivar Rød ved Romsdal vidaregåande skole seier tysdag kveld at hele skolemiljøet er prega av den tragiske hendinga.

Foto: Roar Strøm / NRK

Sidan den gang har han vore innlagd på St. Olavs hospital i Trondheim. Tysdag døydde han av skadene.

Ifølge rektor Ivar Rød ved Romsdal vidaregåande skole, strøymer det på med fleire hundre folk til Molde domkyrkje når NRK snakkar med han klokka 20.50.

– Det som no har skjedd var eit sjokk for oss alle. Nå har det forferdelege skjedd, og det er vanskeleg å ta innover seg. Alle i og kring skulemiljøet er triste no, seier Rød.

Minnestund i kyrkja

Kriseteamet i Molde kommune er varsla og sat i beredskap. Prest og leiar i kriseteamet, Harald Sunde, seier til NRK at samlinga i kyrkja vert ei tid til å sørgje.

Ifølgje presten hadde fleire allereie kome til kyrkja rett etter opning.

– Det er naturleg at folk samlast her, sidan avdøde si familie har tett tilknyting til kyrkja. Vi kjem til å tenne ljos og vere saman, og det vert ikkje noko meir opplegg utover det, seier Sunde.

(Saka held fram under bildet)

Russ død minnestund molde domkirke

Fleire av den avdøde sine medelevar og medruss møtte opp til minnestunda tysdag kveld.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Frykteleg trist

NRK har tysdag kveld snakka med ein medelev som feira russetida saman med personen som no har mista livet.

Vennen vil ikkje ha namnet sitt i artikkelen, men seier resten av kullet er veldig prega av hendinga, og kveldens tragiske vending.

– Dette la ein dempar på heile russefeiringa, og det blir frykteleg trist å komme på skulen i morgon, seier medeleven, som også legg til at det blir godt å sjå dei andre for å kunne samlast i sorga.

NRK får opplyst at russen planlegg å organisere ei samling i kjølvatnet av dødsfallet.

Dette er saka

Natt til onsdag køyrde ein russ ned to medruss. Dei eine er utskriven frå Molde sjukehus.

Den 18 år gamle sjåføren vedgjekk promillekøyring. Sjølv om han stod som eigar på bilen hadde han heller ikkje førarkort.

Ulukka skal ha skjedd på parkeringsplassen ved Retiro i Molde. Kvelden før hadde det vore russesamling på staden.

Desse tv-sakene vart laga om saka etter hendinga:

Både elevane og ledelsen ved Romsdal Videregåande skole er sterkt berørte etter russeulukka i Molde natt til onsdag.
Fremdeles ligger en 18-åring på sykehus med kritiske skader.
Talte om samhold i Molde etter tre russ var inovlvert i en ulykke natt til onsdag.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL