Hopp til innhold

Dempa julebord på Søre

Spente hotell lurte på om nedgangstidene i mange næringar vil gå utover interessa for årets julebordsesong. Svaret er både ja og nei.

Kvinne drikker vin med mann foran juletre

Trongare tider for oljerelaterte næringar avspeglar seg også i julebordsesongen nokon stader i fylket. For andre er det meir tilstrøyming av julebordgjestar enn før.

Foto: Camilla Veka/NRK

Denne veka er det full innspurt med å førebuingane til årets julebordsesong før startskotet smell for alvor til. Laurdag er den første, store julebordkvelden, og hotella ser ut til å gå ein ujamn sesong i møte.

Analyserte matvanane

Trongare tider for oljerelaterte næringar og mange som har mist jobbane sine siste tida, avspeglar seg også i julebordsesong, stadfester hotell i oljebyen Kristiansund og på det maritime Søre Sunnmøre.

– Kristiansund er jo ein oljesmurt by, og mange av våre gamle gjester sparer på juleborda i år. Vi er avhengige av å skaffe oss andre gjestar, det vil seie dei som enno ikkje ha fått merke nedgangen i oljenæringa enno, seier John Ferstad, direktør ved Quality Hotel Grand Kristiansund.

John Ferstad

– Magrare tider i bransjar knytt til oljeindustrien, verkar inn på årets julebordsesong, seier direktør John Ferstad ved Quality Hotel Grand Kristiansund.

Foto: Privat

Hotellet har justert seg ned for å møte ein marknad som er kjenslevar for prisar.
Hotelldirektøren seier dei såg tendens alt i fjor haust då nedgangen i oljenæringa byrja vise seg.

– Alt i vår valte vi å endre tilbodet for årets julebord. Analysar viste at gjestane forsyner seg mest av varm julemat som pinnekjøt og ribbe. Dermed kuttar vi i år ut kalde rettar, og gjer den regulære julemenyen litt enklare, seier han.

Fleire på sparebluss

Også på Søre Sunnmøre der den maritime næringa er nært knytt til oljeindustrien, merkar dei andre tider på julebordfronten.

– Det er heilt klart ein del sparebluss rundt om på bedriftene. Bedriftene vel gjerne litt enklare form for markering, med juletallerken og julelunsj i staden for stort julebord. Mange droppar også dette med overnatting, seier Odd Petter Meinseth, hotelldirektør på Quality Hotel Ulstein.

Mange vil på julebord

Snart kjem kokkane til å svinge seg på hotellkjøkkena for å tekkast gjestane til årets julebord rundt omkring.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Endringane dei opplever framfor julebordsesongen, er ikkje dramatiske, meiner han.
Hotellet i Ulsteinvik erfarer at fleire store bedrifter som eigenlege hadde planar om å spandere utanlandstur på dei tilsette no før jul, har ombestemt seg. I staden tek dei førjulsmarkering lokalt på hotellet.

Byhotell med full fres

Medan det julebordsesongen ser ut til å bli dempa nord og sør i fylket, opplever både Ålesund og Molde bra tilstrøyming av julebordgjestar.

Sven Erik Moe direktør ved Scandic Parken i Ålesund seier hotellet har fleire bestillingar av julebord i år enn i fjor.

– Utruleg nok! Vi ser sjølvsagt at enkelte bransjar sparer, og droppar julebord, men andre og nye kjem til. Det er vi godt nøgde med, for tida framover i både november og september er svært viktig for lønsemda, seier Moe.

Kristin Bjånes

Kristin Bjånes er positivt overraska over at så mange har bestilt julebord i år.

Foto: Privat

Direktør Kristin Bjånes ved Quality Hotel Waterfront vedgår at dei var svært spente på korleis det ville bli i år, men er positivt overraska.

– Talet på smågrupper, vennegjengar og enkeltpersonar som vil ha julebord og julemat elles, aukar. Sesongen blir veldig positiv for oss, seier Bjånes.

– Gjestane søkjer kos

Det gamle ærverdige Hotel Union på Øye i Nordangsdalen er også klar for å ta imot julebordgjestar frå helga av.

– Vi held på med siste innspurt før julebordsesongen, og merkar at fleire ventar med bestillingar denne sesongen, seier Katrine Øye, dagleg leiar ved det gamle trehotellet frå 1881.

Katrine Øye

Katrine Øye er klar til å ta imot julebordgjestar ved hotellet på Øye.

Foto: Sissel Brunstad / NRK

Øye fortel at julebordkundane deira først og fremst er små grupper, venegjengar, veninner, familiar og gjerne bedriftsgrupper.

– Vi er eit lite hotell med berre 27 dobbeltrom, og vi ser at det gjestane søkjer i travle førjulstider er kos, ro og avslappa stemning, seier Katrine Øye.

Lokal og tradisjonell julemat er øvst på menyen ved dei fleste hotella. Det vestlandske pinnekjøtet med alt tilbehøyr, vil nok gjere susen i tida framover.