Hopp til innhold

Dei tenkjer på drapa i Årdal

Kjenslene er mange blant dei reisande, dagen etter trippeldrapet på ein bussjåfør og to passasjerar i Årdal.

Henriette Blindheim

Henriette Blindheim reiser med buss nesten dagleg. No vurderer ho å ta sertifikatet.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

– Det er forferdeleg det som har skjedd, men ein kan ikkje ha meir sikkerheit likevel tenkjer eg, seier Vegard Lunde medan han ventar på ein lokalbuss i Ålesund sentrum.

Vegard Lunde

Studenten Vegard Lunde føler seg trygg på bussen til trass for hendinga i Årdal.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Sikkerheita om bord i buss har blitt eit tema etter trippeldrapet på ein sjåfør og to passasjerar i Årdal i Sogn og Fjordane i går ettermiddag.

Lunde meiner det for seint å tenkje på sikkerheit idet passasjerane går om bord i bussen.

– Ein burde ta det tidlegare slik at folk ikkje gjer slikt mot kvarandre, seier han.

Sjølv ser han på episoden som eit tragisk eingongstilfelle.

– Eg tenkjer ikkje på det i det heile, eg føler meg trygg.

Meir sikkerheit

Nokre meter bortanfor står Eli Hjelle og ventar på TIMEekspressen. Ho føler seg derimot ikkje like trygg som studenten Lunde. Ho kunne godt tenkt seg meir sikkerheit om bord i bussane.

– Eg føler meg tryggare dersom dei har noko overvaking eller slikt. Før eg tok eig bussen ofte både til Oslo og Bjorli og då tenkte ikkje så mykje på slikt. No reiser eg ikkje så mykje, men kunne heilt klart tenkt meg meir sikkerheit, seier ho.

– Vi sit veldig utsett

Harry Tormod Øie

Harry Tormod Øie har vore bussjåfør i 15 år. Han seier han og kollegaene hans har lite moglegheit til å gjere motstand dersom noko alvorleg skjer om bord.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

Harry Tormod Øie køyrer til dagleg TIMEkspressen. Som bussjåfør gjennom 15 år har han tenkt mykje på det som skjedde i Årdal.

– Det er tragisk. Det er veldig tragisk fordi vi sit veldig utsett. Vi sit jo med eit belte over oss. Dersom noko skjer så får vi ikkje gjort så mykje så lenge vi sit fast. Då er det fort gjort å gå fram med ein kniv, seier Øie som også tenkjer mykje på dei etterlatne.

I løpet av sine 15 år som sjåfør har ikkje Øie hatt opplevingar der han følte seg truga.

– Det har vore situasjonar der eg ikkje følte at det var noko særleg, men det har gått bra, seier han.

Etter hendinga i går var det likevel ikkje heilt uproblematisk for han å vite at han snart skulle bruke dagen på same måten som den avdøde kollegaen hans i nabofylket.

– Eg tenkte på det då eg las om det i går, så skulle eg køyre langtur i dag. Men no var dei ganske få i den bussen, og vi er ganske mange ... så vi føler oss trygge ja, seier Øie ettertenksamt.

Vurderer å ta førarkortet

TIMEekspressen

Bussen vert sett på som ein trygg reisemetode.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK

På rutebilstasjonen på Moa sit Henriette Blindheim og ventar på bussen. Det gjer ho nesten kvar dag. Inntil ho høyrde om busskapringa i Årdal hadde ho ikkje tenkt noko på sikkerheita når ho reiser.

– Det er skummelt og ikkje noko å hyggeleg å høyre når ein reiser med bussen kvar dag, seier Blindheim.

– Eg tenkjer som regel at ein buss er trygg at bussen skal føre oss trygt fram, legg ho til.

No er 21-åringen ikkje fullt så sikker.

– Eg har ikkje teke sertifikatet enno, men tenkjer litt på det no. Ein har jo kontroll sjølv i ein bil, medan i ein buss er det jo så mykje som kan skje, seier ho.

– Lenge til neste gong

Harald Eikås

Harald Eikås synest det som har hendt er forferdeleg, men vil likevel ta bussen som før.

Foto: Harald Eikås

Nordfjordingen Harald Eikås tek gjerne ekspressbuss når han skal ut og reise.

– Det er gale det som skjedde med den ekspressen. Eg veit ikkje kor ein går trygt snart, seier han resignert.

Så du føler deg utrygg når du no snart skal gå på bussen igjen?

Nei, slik kan ein ikkje tenkje, for å må ein berre sitje i ro heile tida, seier han med eit lite smil og legg til at det skal nok gå bra.

– Det var nok ikkje eit eingongstilfelle det som skjedde ekspressen i Årdal – men det kan gå lenge til neste gong, legg Eikås til.

– Eg tenkjer ikkje på det i det heile tatt. Eg føler meg heilt trygg, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL